Kanadisk stavingsskrift (engelsk ) er ein familie abugidaer (konsonantbaserte alfabet) som blir brukt til å skriva fleire språk snakka av urfolk i Canada, i språkfamiliane algonkinske språk, eskimoisk-aleutiske språk og athabaskiske språk. Dei blir verdsette fordi dei skil seg ut frå det latinske alfabetet som blir brukt av majoritetsspråka, og fordi det er lett å oppnå lesekunne med dei; faktisk hadde creefolk ein av dei høgaste lesekunneratene i verda seint på 1800-talet.
Ein bruker former av stavingsskrifta til å skriva alle creespråka frå naskapi (tala i Québec) til Rocky Mountains, inkludert austcree, skogcree, myrcree og præriecree. Dei blir òg brukte til å skriva inuktitut aust i arktisk Canada; for dette språket er det latinske alfabetet òg offisielt i Nunavut. Dei blir brukte regionalt for dei andre store kanadiske algonkinske språka: ojibwa i vestlege Canada, og har tidlegare blitt brukt for blackfoot. Blant dei athabaskiske språka lenger vest har kanadiske stavingsskrifter blitt brukte til å skriva dakelh, chipewyan, slavey, tlicho og danezaa. Dei har av og til òg blitt brukte i USA av folk som finst i grenseområda, men er primært eit kanadisk fenomen.
Grunnprinsipp mini|Evans sitt skriftsystem som det blei gjeve ut i 1841 Lange vokalar blei indikerte med mellomrom i teikna. Lengdedistinksjonen var ikkje nødvendig for e, sidan cree berre har lang e. Kanadiske stavingsskrifter er ikkje ekte stavingsskrifter der kvar konsonant–vokal-sekvens har ein separat glyf (til dømes ville pi ikkje hatt nokon visuell samanheng med pa), men abugidaer, der konsonantar blir modifiserte for å indikera ein tilhøyrande vokal – i dette tilfellet ved at symbolet blir rotert, noko som er unikt for kanadisk stavingsskrift. I cree har til dømes konsonanten p form som ein vinkelparentes. Når han peikar oppover, ᐱ, transkriberer han stavinga pi. Motsett, når han peikar nedover, transkriberer han stavinga pe. Mot venstre, ᐸ, betyr han pa, medan mot høgre, ᐳ, betyr han po. Konsonantformene og vokalane som blir representerte varierer frå språk til språk, men dei er hovudsakleg tilnærma like dei opphavlege cree-formene.
+Inventaret i Evans si skrift frå 1840K-e-ē-i-ī-o-ō-a-ākodarotasjon(ingen)ᐁᐁᐃᐃᐅᐅᐊᐊsymmetriskp-ᐯᐯᐱᐱᐳᐳᐸᐸᑊsymmetriskt-ᑌᑌᑎᑎᑐᑐᑕᑕᐟsymmetriskk-ᑫᑫᑭᑭᑯᑯᑲᑲᐠasymmetriskc-ᒉᒉᒋᒋᒍᒍᒐᒐᐨasymmetriskm-ᒣᒣᒥᒥᒧᒧᒪᒪᒼasymmetriskn-ᓀᓀᓂᓂᓄᓄᓇᓇᐣasymmetrisks-ᓭᓭᓯᓯᓱᓱᓴᓴᐢasymmetrisky-ᔦᔦᔨᔨᔪᔪᔭᔭᐧasymmetrisksp-ZZZZNNИИsymmetriskDen forelda sp-serien, som ikkje er støtta i Unicode, blir her vist med liknande glyfar frå det latinske alfabetet og det kyrilliske alfabetet.-w-(ein prikk etter stavinga)ᐤ-hᐦ-hkᕽ-lᓫ-rᕑ
Syllabiske og endelege konsonantformer Det opphavlege skriftsystemet, som blei utforma for myrcree, hadde ti bokstavformer: Åtte for stavingar basert på konsonantane p-, t-, c-, k-, m-, n-, s-, y- (uttalt ), ei form for stavingar som byrja med vokalar, og til slutt ei blandingsform (no forelda) for konsonantklynga sp-. Alle blei skrivne med ei tynn linje for å visa at vokalen var kort, og ei tjukkare linje for å visa at vokalen var lang: ᑲ ka, ᑲ kâ (ein handskriven variant med ein prikk over teikna for å visa vokallengd blir no òg brukt i trykk). Éin konsonant, w, hadde ingen eigen bokstav, men blei indikert ved å legga til eit diakritisk teikn på ein annan konsonant; dette fordi han kunne kombinerast med alle konsonantar, som i ᑿ kwa, og dessutan eksistera på eiga hand, som i ᐘ wa.
Det var eigne bokstavar for dei ni konsonantane -p, -t, -c, -k, -m, -n, -s, -y og w når dei dukkar opp i koda (slutten av ei staving). I tillegg hadde fire kodakonsonantar inga eiga stavingsform: -h, -l, -r og sekvensen -hk. Desse blei opphavleg skrivne midt på linja, men blir no skriven med heva tekst (glyfen for -hk representerer den vanlegaste stavelsesendinga i cree, og blei brukt for den like vanlege -nk i ojibwa.) Konsonantane -l og -r var marginale og fanst berre i lånord, babyspråk osb. Desse, og -h, kunne dukka opp framfor vokalar, men blei skrive med den endelege forma likevel (-l og -r blir no skriven med full storleik om dei kjem framfor ein vokal, og har i nokre versjonar blitt erstatta av fulle roterande stavingssymbol; -h kjem berre framfor vokalar i samansette morfem og i enkelte grammatiske ord.)
Vokaltransformasjonar mini|Orienteringa til eit heilt symmetrisk vokaltriangel kan vera vanskeleg å skjelna. I skrifttypen som blir brukt på dette skiltet på ojibwa er a som peikar mot venstre ein likesida trekant, medan i som peikar oppover er ein likebeint trekant. Vokalane høyrer til to sett, dei bakre vokalane -a og -o, og dei fremre vokalane -e og -i. Kvart sett består av ein lågare vokal, -a eller -e, og ein høgare vokal, -o eller -i. I alle tilfelle blir relaterte stavingar med bakre vokalar danna via vertikal spegling, dvs. at dei er spegelbilde av kvarandre. Korleis dei blir relaterte til dei fremre vokalane er avhengig av den grafiske forma til konsonantane. Desse følgjer to mønster. Dei symmetriske (vokal, p-, t- og sp-) blir roterte 90° (ein kvart runde) mot klokka, medan dei som er asymmetriske topp-til-bunn (c-, k-, m-, n-, s- og y-) blir roterte 180° (ein halv runde).Dei symmetriske er dei der ein kan rotera a- eller o-serien med 180° og eit spegelbilde vil gje same resultat, slik at ein treng ein annan transformasjon for å produsera fleire orienteringar. Stavingane med lågare fremre vokal (-e) blir slik avleidde frå stavingane med lågare bakre vokal (-a), og dei høgre fremre vokalane (-i) blir avleidde frå dei stavingane med dei høgare bakare vokalane (-o).For dei asymmetriske formene i Evans sitt opphavlege system er dette det same som å invertera (snu opp-ned) -a-stavingane for å få -i-stavingane, og -o-stavingane for å få -e-stavingane; og for dei symmetriske formene å rotere 90° med klokka for å få same vokalkorrespondansar. Det verker å vera måten Evans designa skriftsystemet, men denne metoden fungerer ikkje for konsonantar som blei lagt til seinare då stavingsskrifta blei tilpasseat andre creespråk og for andre språk som inuktitut.
Dei symmetriske bokstavformene kan illustrerast ved å arrangera dei i ei diamantform: ᐃ i ᐱ pi ᑎtiᐊᐅaoᐸᐳpapoᑕᑐtatoᐁeᐯpeᑌte Dei asymmetriske formene kan illustrerast ved å arrangera dei i ein firkant: ᑭᑫ kikeᒋᒉ ciceᒥᒣ mimeᓂᓀ nineᓯᓭ siseᔨᔦ yiyeᑲᑯ kako ᒐᒍ caco ᒪᒧ mamo ᓇᓄ nano ᓴᓱ saso ᔭᔪ yayo Desse formene er til stades i dei fleste variantane med lydverdier som liknar opphavet i myrcree. Til dømes bruker alle variantane utanom den for blackfoot trekanten for vokal-initielle stavingar.
Innan 1841, då hadde Evans fått støypt dei fyrste lause bokstavane for stavingsskrifta, fann han ut at det vat vanskeleg å halda på skiljet mellom tynne og tjukke linjer for korte og lange vokalar. I staden filte han mellomrom i bokstavane for dei lange vokalane. Dette kan ein sjå i tidlege trykksaker. Ei stund seinare tok ein i bruk ein diakritisk prikk som opphavleg var brukt til å markera vokallengde i handskrift, i trykk òg. Dermed står ᐊ a i dag i kontrast til ᐋ â, og ᒥ mi til ᒦ mî. Sjølv om ê i cree berre opptrer som lang vokal har skriftsystemet lengdedistinksjon for alle fire vokalar. Ikkje alle skribentar då eller no indikerer lengde, eller gjer det på ein konsekvent måte; sidan det ikkje er nokon kontrast er det ingen som skriv ê som lang vokal.
Teiknsetting Den einaste teiknsettinga som finst i mange tekstar er mellomrom mellom ord og ᙮ for fullt stopp. Ein kan også bruka teiknsetting frå det latinske alfabetet, som punktum. Fordi stavingsendeleg c liknar på bindestrek blir det brukt ein dobbel bindestrek (᐀) i staden i kanadisk stavingsskrift.
Historie Cree-stavingsskrifta blei skapt i 1840 av den engelske misjonæren James Evans for to språk, myrcree og ojibwa. Han var inspirert av suksessen til den cherokesiske stavingsskrifta skapt av Sequoyah etter å ha støytt på problem med latinskbasert ortografi, og trekte på kjennskapen sin til devanagari og stenografi. Andre misjonærar var motvillige til å bruka skrifta, men ho blei raskt teken i bruk av dei innfødde og spreidde seg til nye område før misjonærane kom, slik at i creekulturen etter 1840 trudde ein der at ho hadde oppstått blant creeane.
James Evans I 1827 fekk James Evans, ein misjonær frå Kingston upon Hull i England, ansvar for den metodistiske misjonsstasjonen ved Rice Lake i Ontario. Her byrja han å læra ojibwa som blei snakka i området, og var del av ein komité som skulle etablera eit latinsk alfabet for språket. Innan 1837 hadde han førebudd Speller and Interpreter in English and Indian, men fekk ikkje godkjent trykkinga av boka av British and Foreign Bible Society. På denne tida var mange misjonærsamfunn motstandarar av at innfødde skulle få lese- og skrivekunne på sine eigne språk, og meinte at situasjonen ville bli betre ved språkleg assimilasjon i kolonisamfunnet.
Evans heldt fram med å nytta ojibwaortografien sin i Ontario. Ortografien brukte bindestrekar mellom stavingar, noko som gav ojibwa ein delvis stavingsbasert struktur. Studentane hans verkar likevel å ha hatt konseptuelle vanskar med å bruka same alfabet for to forskjellige språk som hadde svært ulike lydsystem, og Evans sjølv synst dette var vanskeleg. Ojibwa var vidare eit polysyntetisk språk, men hadde få distinkte stavingar, noko som gjorde at dei fleste orda hadde eit stort tal stavingar. Dette gjorde at orda blei svært veldig lange når ein skreiv dei med det latinske alfabetet. Han byrja å eksperimentera med eit meir stavingsbasert skriftsystem som han tenkte ville vera meir passande for studentane hans å bruka.
I 1840 flytta Evans til Norway House i nordlege Manitoba. Her byrja han å læra det lokale språket myrcree. Til liks med ojibwa, som det er i ganske nær slekt med, hadde dette språket mange lange fleirstavingsord.
Som amatørlingvist var Evans kjend med devanagariskrifta som var i bruk i Britisk India. I devanagari står kvar bokstav for ei staving, og blir modifisert for å visa kva vokal stavinga har. Eit slikt system, no kalla abugida, lét seg gjerne tilpassa språk som myrcree, som hadde ein enkel stavingsstruktur med berre åtte konsonantar og fire lange eller korte vokalar. Evans var òg kjend med britisk stenografi, truleg Samuel Taylor sin Universal Stenography, frå dagane sine som kjøpmann i England, og blei no kjend med den nye Pitman-stenografien frå 1837.
Opphav Både devanagari og Pitman spelte ei rolle i utviklinga av cree-skrifta. Devanagari inspirerte glyfane for stavingane, medan Pitman gav glyfar til dei endelege konsonantteikna, og dessutan rotasjonen og linjetjukkleiken for å modifisera stavingane.
I det opphavlege skriftsystemet til Evans var det ti stavingsformer: åtte for konsonantane p, t, c, k, m, n, s, y; ein niande for stavingar som byrja med vokal eller vokalar som følgjer ein av dei ekstra konsonantane; og ein tiande, som ikkje lenger blir brukt, for konsonantklynga sp. Det var fire ekstra konsonantar, r, l, w, h, som ikkje hadde stavingsformer. Utanom sp kan alle desse sporast til dei kursive kombinerte formene i tilsvarande devanagari-akshara; dei kombinerande devanagariformene er noko forkorta (streken til høgre i teikna blir droppa), og i handskrift kan ein ofte droppa den løpande horisontale linja, noko som er blitt standardisert i gujaratiskrift.
Fordi konsonantar i cree kan vera stemde eller ustemde avhengig av konteksten, stemmer kvar staving overeins med to bokstavar i devanagari, og cree ka/ga liknar på g heller enn k. Merk òg at h, som berre finst endeleg i kanadisk stavingsskrift, ser ut til å vera derivert frå devanagari visarga ◌ः ḥ, som i devanagari òg berre opptrer endeleg, i staden for frå den syllabiske ह ha. mini|Kombinerande formar i devanagari samanlikna med kanadisk stavingsskrift. Devanagari fulle og halve formerCreeStavingareᐁepaᐸpa/baṭaᑕta/dajaᒐcha/jagaᑯko/gomaᒪmanaᓂnesaᓴsaKursiv स er meir lik ᓴ, liknar på म m.yaᔪyoEkstra konsonantarlaᓫ-lraᕑ-rva/waᐤ-w-hᐦ-h