GN-z11 er ein galakse med høg raudforskuving som finst i stjernebiletet Ursa Major (Den store bjørnen). GN-z11 var fram til 2022 rekna som den fjernaste kjende galaksen frå jordkloten som nokon gang er oppdaga.

Namn Namnet er avleia frå plasseringa galaksen har i GOODS-North-feltet av galaksar og hans høge kosmologiske raudforskuvingstal (GN + z11).

Oppdaginga Oppdaginga hende av romteleskopet Hubble i 2015. Forskarteamet nytta Hubble sitt Wide Field Camera 3 for å måla avstanden til GN-z11 spektroskopisk, og målte raudforskuvinga forårsaka av ekspansjonen til universet jamfør Big Bang. Nyhendet vart publisert i ein artikkel i 2016 leia av Pascal Oesch og Gabriel Brammer. Fram til oppdaginga av HD1 i 2022, var GN-z11 den eldste og fjernaste kjende galaksen var identifisert i det observerbare universet. Galaksen hadde ei spektroskopisk raudforskuving på z = 11,1. Galaksen var observert, og teke bilete av, slik han eksisterte for 13,4 milliardar år sidan, berre 400 millionar år etter Big Bang.

GN-z11 er omtrent av storleiken til mjølkevegen, og er vidare berre 1% av massen. GN-z11 lagar nye stjerner tjue gangar snøggare enn mjølkevegen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «GN-z11» frå , den 10. januar 2023.

Kategori:Den store bjørnen Kategori:Galaksar