Provinsen Huasco er ein av dei tre provinsane som Atacama-regionen i Chile er delt inn i, og blant desse tre ligg han lengst mot sør. Dei to andre provinsane i regionen er Chañaral i nord og Copiapó i midten. Alle tre provinsar har grense mot Argentina i aust og kystlinje mot Stillehavet i vest. I sør grensar Huasco mot Elqui-provinsen i Coquimbo-regionen. Huasco har eit areal på 19 066 km² og har ein folkesetnad på 73 133 innbyggjarar (2017).

Huasco er delt inn i fire kommunar: Vallenar, provinshovudstad med meir enn halvdelen av folkesetnaden i provinsen Freirina Huasco Alto del Carmen

Provinsen Huasco har ei historie som er spesielt knytt til gruvedrift. Gull og kopar gav bidrag til den økonomiske utviklinga av landet. Gruvehistoria byrja hos urfolket, i før-kolonitid.

I mars 2015 vart provinsen ramma av eit uvêr som påverka området frå Antofagasta til Coquimbo, med etterfølgjande flaum og overløp av Copiapó-elva, jordskred, menneske isolert på grunn av vegsperringar, hus og infrastruktur øydelagt.

Kjelder

Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Provincia de Huasco» frå , den 15. januar 2023

Kategori:Atacama-regionen