Panguipulli (/ˌpæŋɡiˈpuːji/ mapudungun for «pumaen sitt fjell») er ein by og kommune i Valdivia-provinsen, Los Ríos-regionen i sørlege Chile, administrert av Panguipulli kommune. Byen ligg ved vestsida av Panguipulli-sjøen, på ein morene i den chilenske sentraldalen. Det meste av kommunen ligg mot vestsida av Andesfjella. Folketalet var 34 539 ifølgje folketeljinga i 2017.
Geografi
Kommunen Panguipulli er prega av eit alpint landskap forma av kvartære isbrear og nyleg vulkanisme. To morfologiske soner finst her, Precordillera og Andesfjella. Precodillera-sona dekkjer det meste av vestlege Panguipulli og har skogkledde åsar dissekert av sjøane Calafquén, Panguipulli og Riñihue. Dei to første er morenedemde og drenerer vestover til Riñihue-sjøen.
Historie
Folk få mapuche budde langs breidda av dei viktigaste innsjøane og elvene i regionen. I 1885 kom den første spanjolen og slo seg ned ved den vestlege breidda av Panguipulli-sjøen. Det var først i 1946 at byen vart offisielt grunnlagt. I 1903 etablerte kapusinarordenen ein misjonsstasjon i Panguipulli. Kapusinermunkane bygde dei første skulane i området, i 1947 bygde dei ei tvillingtårna trekyrkje, som no er eit lokalt landemerke.
Kommunikasjon Panguipulli er knytt til San Martín de los Andes i Argentina over Hua-Hum internasjonale fjellpass. Hua-Hum er eit av få pass mellom Chile og Argentina som er opent heile året. Vegen mellom Panguipulli og grensa følgjer ei geologisk forkasting, som har skapt ei fordjuping dels fylt av Pirihueico-sjøen. Det er ferjesamband frå den eine enden av Pirihueico-sjøen til den andre.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Panguipulli» frå , den 12. februar 2023.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Chile Kategori:Los Ríos-regionen