Conwyelva (engelsk River Conwy, walisisk Afon Conwy, uttalt [ˈkɔnʊɨ]) er ei elv nord i Wales. Frå kjelda til utløpet i Conwy Bay er det . Nedslagsfeltet er 678 km².

Namnet «Conwy» er avleidd frå dei gamle walisiske orda cyn ('hovding') og gwy ('vatn'). Elva heitte opphavleg «Cynwy».Llandudno: its history and natural history, 1861, Richard ParryA guide through North Wales, 1860, William Cathrall & Andrew Crombie RamsayTransactions, 1822, Cymmrodorion societyThe pedestrian's guide through North Wales, 1838, George John Bennett Ein tidlegare engelsk skrivemåte var «Conway».

Elva spring ut på Migneint-heia der fleire små bekkar renn inn i innsjøen Llyn Conwy. Utløpet dannar Conwyelva som hovudsakleg renn mot nord, med sideelver som Machno og Afon Lledr før ho når Betws-y-Coed, der også Llugwy renn inn i henne. Frå Betws-y-Coed fortset elva nordover gjennom Llanrwst, Trefriw (der Afon Crafnant renn saman med henne) og Dolgarrog (der Afon Porth-llwyd og Afon Ddu renn inn i henne) før ho når Conwybukta ved Conwy. Her ligg kaien Cei Cae Gwyn langs breidda hennar. Ved springflod når tidvasstraumen så langt som Tan-lan, nær Llanrwst.

venstre|mini|Llyn Conwy er kjelda til Conwyelva høgre|mini|Conwyelva nær Dolgarrog Ved munningen til Conwy der ho renn ut i Conwy Bay ligg byen Conwy med verdsarvstaden Conwy Castle og to kjende bruer. Ei av dei eldste hengebruene til Thomas Telford, Conwy Suspension Bridge, er no del av ein tursti for fotgjengarar, medan Robert Stephenson si smijernsbru Conwy Railway Bridge framleis fører hovudjarnbanelinja mellom Holyhead og London over seg. Det finst òg ei tredje, nyare bru for vegtraffik, og ein tunnel under estuaret for vegen A55. mini|Conwy ved Glan Conwy jernbanestasjon.

Sideelver til Conwy Dette er ei liste over sideelvar med namn som renn ut i Conwy (og deira sideelver) frå kjelda til munningen:

River Machno ved Conwy Falls Afon Lledr nær Betws-y-coed River Llugwy ved Betws-y-coed Afon Gallt y Gwg Nant y Goron ved Llanrwst Afon Crafnant & Fairy Falls ved Trefriw River Geirionydd Afon Ddu (1) ved Dolgarrog Afon Porth-llwyd ved Dolgarrog Afon Dulyn ved Tal-y-bont Afon Ddu (2) Afon Garreg-wen Ffrwd Cerriguniawn Afon Melynllyn Afon Hiraethlyn nær Tal-y-cafn Afon Roe nær Llanbedr-y-Cennin Afon Tafolog Afon Gyffin ved Conwy

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «River Conwy» frå , den 21. februar 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Wales Kategori:Snowdonia