Nicola Ferguson Sturgeon () er ein skotsk politikar som leia Scottish National Party og var fyrsteminister i Skottland frå 2014 til 2023.

Liv og virke Sturgeon er utdanna jurist frå Universitetet i Glasgow. Ho arbeidde som sakførar i Glasgow før ho vart parlamentsmedlem.

Sturgeon har vore medlem av det skotske parlamentet sidan det vart oppretta i 1999, og var frå 2007 skotsk visefyrsteminister under Alex Salmond. Ho vart fyrsteminister den 19. november 2014,BBC (19. november 2014): New Scottish First Minister Nicola Sturgeon makes gender equality pledge. BBC News og er den første kvinna som har hatt begge desse verva.

Den 15. februar 2023 kunngjorde Sturgeon at ho ville trekkje seg frå stillingane som partileiar og fyrsteminister når det vart utnemnt ei erstatning. Ho blei etterfølgd av helseministeren, Humza Yousaf, månaden etter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nicola Sturgeon» frå , den 1. mars 2023.

Kategori:Skotske politikarar Kategori:Britiske parlamentsmedlemmer Kategori:Britiske juristar