mini|upright|Newcastle Brown Ale på flaske. mini|upright|Tomflaske

Newcastle Brown Ale er eit vidkjent mørkbrunt øl. Ølsorten vart brygga i Newcastle upon Tyne nord i England frå 1927 til 2010, og deretter berre i North Yorkshire. Bryggeriet har vore Newcastle Breweries, som no er ein del av bryggerikonsernet Heineken International.

Ølmerket vart gjeve såkalla «Protected Geographical Indication (PGI)» av EU i 2000. «Protected Geographical Indication» vil mellom anna seie at eit produkt kan berre verta produsert innan eit visst område. I april 2004 vart det gjeve melding om at bryggeriet ved Tyne skulle flyttast over elva, til Dunston Federation Brewery i Gateshead. Brygginga blei flytta vidare sørover, til Tadcaster i North Yorkshire, i 2007. Produksjonen i Newcastle tok heilt slutt i 2010.«Newcastle Brown Ale plant closes in Gateshead», bbc.co.uk, 21 May 2010. Produktet mista då PGI-statusen.32007R0952 i EurLex

Ulikt mange britiske øltypar vert Newcastle Brown Ale alltid servert kaldt. Ideelt skal skjenkinga skje frå ei flaske, og drikkinga skje frå eit half-pint eller Wellington-glas for å minska oppvarminga.

Ølet var i det store og heile ikkje å få i sør- og midt- England fram til ei suksessrik kampanje på slutten av 1980-åra. Etter kvart har det vorte ei av dei leiande ølmerka på flaske.

På same vis som det meir kjende Guinness-merket har Newcastle Brown Ale vorte marknadsført med noko framgang i Sambandsstatane (USA). Ølmerket er relativt godt tilgjengeleg der både på flaske og som tapping frå fat.

Historie Newcastle Brown Ale vart originalt laga av Lt. Colonel James Herbert Porter, ein tredje generasjons bryggar ved Newcastle Bryggeri i 1927. Porter hadde raffinert oppskrifta for Newcastle Brown Ale saman med kjemikar Archie Jones over ein periode på tre år. [^ a b c Jenkins, Dan (28 May 2005). "CITY'S STAR HAS FALLEN". The Northern Echo. ]

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad for Newcastle Brown Ale

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Newcastle Brown Ale» frå , den 23. november 2011.

Kategori:Øl Kategori:Britiske bryggjeri Kategori:Newcastle upon Tyne