Lydia Torsvik Gieselmann () er ein norsk programleiar kjend frå NRK-programma Newton og Unormal.

Gieselmann vaks opp i Beiarn og Skjerstad i Nordland og flytta til Bodø for å gå på vidaregåande skule. I vaksen alder har ho budd i Oslo og Trondheim.

Gieselmann har arbeidd i magasina 730.no og Melk & Honning. Ho var programleiar for Newton frå 2017–2019, og var blant anna med i serien Kroppen. Ho vart nominert til Gullruten 2020 for serien Kroppen, i kategorien Beste programleiar - nyheit, sport eller aktualitet. Siden 2020 har ho leia NRK-prosjektet Unormal, eit Youtube-prosjekt om kropp og identitet.

Deltakingar på fjernsyn 2017–2019: Newton, programleiar 2022: Kompani Lauritzen, deltakar 2023: Camp Kulinaris, deltakar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lydia Torsvik Gieselmann» frå , den 3. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Lydia Torsvik Gieselmann på IMDb.com

Kategori:Norske programleiarar Kategori:Folk frå Beiarn Kategori:Folk frå Bodø