Marina Kaljurand () er ein estisk diplomat som var utanriksminister frå 16. juli 2015 til 12. september 2016. Ho vart nominert av Det estiske reformpartiet, men er partipolitisk uavhengig.
Kaljurand arbeidde i det estiske utanriksdepartementet frå 1991. Ho var ambassadør til Israel 2004–06, til Russland 2006–08, til Kasakhstan 2007–11 og til USA 2011–14.
I september 2016 gjekk Kaljurand av som utanriksminister for å stille som kandidat ved presidentvalet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marina Kaljurand» frå , den 6. mars 2023.
Bakgrunnnsstoff
Kategori:Estiske politikarar Kategori:Estiske utanriksministrar Kategori:Estiske ambassadørar Kategori:Estiske diplomatar Kategori:Folk frå Tallinn