Hina Rabbani Khar () er ein pakistansk politikar, og var den fyrste kvinnelege utanriksministeren i Pakistan. Ho var også den yngste utanriksministeren i Pakistan nokonsinne i ein alder av 33 år.

Khar kjem frå ein innverknadssrik, føydal familie i Multan. Ho studerte ved Lahore University of Management Sciences og University of Massachusetts Amherst før ho vart vald inn i nasjonalforsamlinga i 2002 som representant for partiet Pakistan Muslim League-Q (PML-Q) og vart juniorminister med ansvar for den økonomiske politikken i regjeringa til statsminister Shaukat Aziz. I 2009 vart Khar attvald til parlamentet, då som medlem av Pakistans folkeparti (PPP). Ho vart minister for statlege finansar og økonomiske saker, og den fyrste kvinnelege politikaren som la fram nasjonalbudsjettet. I juli 2011 vart Khar utnemnd som utanriksminister av statsminister Yousaf Raza Gillani. Kort tid før 2013-valet trekte ho seg frå politikken, men ho fortsette å jobbe for sterkare band til India.

Khar er framleis medlem av PPP, og held føredrag om utanrikspolitikk. I 2019 vart ho medlem av nasjonalforsamlinga igjen, denne gongen gjennom eit reservert sete for kvinner.

Privatliv Hina Rabbani Khar vart fødd i Multan i Panjab i Pakistan. Ho er dotter av den mektige oligarken og politikaren Ghulam Noor Rabbani Khar, ein framståande nasjonal politikar. Ho er niese av Ghulam Mustafa Khar, ein tidlegare guvernør og provinsregjeringssjef i Panjab.

Khar er gift med Feroze Gulzar. Ho er medeigar i «Polo Lounge»-resturantane. Den fyrste av desse opna i 2002 i Lahore og ein annan restaurant har sidan vorte opna i Islamabad.

Khar studerte ved Lahore University of Management Sciences (LUMS) og tok i 1999 ein bachelor of science-grad (med laud) i samfunnsøkonomi. Ho studerte deretter ved University of Massachusetts i Amherst, der ho i 2002 fullførte master of science-graden i Business Management.

Khar har halde på banda til LUMS. I 2012 heldt ho eit føredrag ved LUMS om «Utanrikspolitikk og ungt demokrati», og ho sikra finansiering for Abdus Salam Institute for Physics.

Politisk karriere Ved valet i 2002 vart Khar vald inn i nasjonalforsamlinga som representant for Muzaffargarh-II-valkrinsen i Panjab. Faren hennar hadde tidlegare vorte vald frå same valkrins, men han fekk ikkje stille i 2002, på grunn av ei ny lov som kravde at alle kandidatar måtte ha ein universitetsgrad. Ho fekk økonomisk støtte frå faren, som også organiserte valkampen. Ho representerte det nystifta partiet PML-Q og kjempa mot kandidaten frå Pakistan Muslim League (N).

Khar fekk fleire framståande verv i løpet av regjeringstida til Shaukat Aziz. Ho var statssekretær for økonomiske saker og statistikk frå 2003 til 2004, og minister for økonomiske saker frå 2004 til 2007. Etter jordskjelvet i Nord-Pakistan i 2005 samarbeidde ho med internasjonale hjelpefond og veldedige organisasjonar. Ho arbeidde også med forslag til den transafghanske røyrleidninga.

I 2008 vart Khar attvald til parlamentet, denne gongen som representant for PPP, etter at PML-Q nekta ho å stille. PPP danna regjering saman med Awami National Party, MQM og PML-Q.

Khar vart utnemnd til minister for finans og økonomiske saker i regjeringa til Yousaf Raza Gillani. I fråværet til den daverande finansministeren arbeidde ho med budsjettet og den økonomiske politikken, og 13. juni 2009 presenterte ho det føderale statsbudsjettet for 2010 i parlamentet. Ho vart med det den fyrste pakistanske kvinnelege politikaren som har presentert statsbudsjettet i nasjonalforsamlinga.

Utanriksminister miniatyr|Khar med Hillary Clinton. Khar vart fyrst konstitutert som utanriksminister 11. februar 2011, då Gillani gjorde endringar i regjeringa og ikkje lot den tidligere utanriksministeren Shah Mehmood Qureshi fortsette i stillinga. Khar var konstituert utanriksminister i fem månadar før ho vart utnemnd formelt den 18. juli og vart då både den yngste, og den fyrste kvinnelege, utanriksministeren i Pakistan. President Asif Ali Zardari, som vart president etter Pervez Musharraf i 2008, sa at utnemninga var «ein demonstrasjon av forpliktinga til regjeringa til å bringe kvinner inn i hovudstrøymen av livet til nasjonen». Khar vart utnemnd til utanriksminister i ei vanskeleg tid: dei væpnende styrkane til Pakistan låg i krig med ekstremistgruppa Tehreek-e-Taliban Pakistan i det vestlege Pakistan og anti-amerikanske kjensler var utbreidd etter Raymond Davis-hendinga. miniatyr|Hina Rabbani Khar på konferanse i 2013. Khar vitja India i juli 2011 for å ha fredssamtaler med sin indiske kollega, S. M. Krishna. Dei diplomatiske sambindingane mellom dei to landa hadde opphøyrt etter terroråtaka i Mumbai 26. november 2008 og vart ikkje gjenoppretta før i februar 2011, fem månadar før vitjinga til Khar. Før møtet med representantar frå den indiske regjeringa, møtte ho leiarar for Hurriyat Conference. Dette vart kritisert av Bharatiya Janata Party (BJP), det største politiske partiet i India. BJP påstod at dette var eit brot på protokoll og kravde ei gransking av saka. Seinare leia Khar eit mislykka forsøk på å gje India most favoured nation-status. I august 2011 vitja ho Kina og hadde samtalar med Yang Jiechi, den kinesiske utanriksministeren.

I august 2011 vart 24 pakistanske soldatar drepne i eit NATO-leia åtak. Regjeringa i Pakistan svara med å nekte NATO- og ISAF-styrkar å bruke pakistanske forsyningsliner. Pakistan kravde ei orsaking, og den 6. juni 2012 uttala Khar at «høgare prinsipp bør prioriterast framfor politisk populære omsyn», og utfordra USA til å «leve opp til sine demokratiske ideal ved å respektere viljen til den valde lovgjevande forsamlinga i Pakistan». USA stoppa økonomisk støtte til Pakistan 15. desember 2011. Khar åtvara mot konsekvensane av handlingene til amerikanarane, og påstod at desse ville resultere i eit nederlag i krigen mot terror fordi Pakistan ikkje kunne vinne utan amerikansk hjelp. miniatyr|Khar på Enhanced Strategic Dialogue Review i London. Khar reiste 21. januar 2012 i all hemmelegheit til Moskva med agenda om å styrke dei bilaterale sambindingane mellom Pakistan og Russland, då Pakistan sitt forhold til USA var anstrengt. På møtet inviterte ho dei russiske leiarane til Pakistan, og oppmoda om å oppretthalde eit bilateralt samarbeid og støtte til eit «afghanskleia og afghanskkontrollert» forsøk på å skape fred. 12. august 2012 tala ho på den 16. toppmøtet til den alliansefrie rørsla i Teheran. Khar hevda at regional stabilitet var sett i fare på grunn av den aukande spenninga knytta til det kjernefysiske programmet til Iran. Ho sa vidare at ei «fredeleg løysing på dette problemet er fortsatt mogleg på grunnlag av gjensidig tillitskapande tiltak og tryggleiksforsikringar mot eksterne trugslar».

Valperioden PPP var valt for var ferdig i mars 2013,Artikkel 224 (Paragraf 1A–1B) i Kapittel 2, Del VIII av Grunnloven og med dette også grunnlaget for regjeringa Khar var ein del av. I april 2013 annonserte ho at ho ikkje ville stille til 2013 slik at faren hennar, som tidlegare ikkje hadde vore rettkomen til å stille som kandidat, kunne stille. Føresetnaden om at parlamentariske kandidatar måtte ha ein universitetsgrad, som gjorde at ho stilla i staden for faren i 2002, var oppheva. PPP kom på andreplass i valet og mista 74 representantar og faren til Khar mislykkast i forsøket på å attvinne det tidlegare mandatet sitt.

Betydning I løpet av dei to åra sine som utanriksminister i Pakistan fekk Khar betydeleg global merksemd på grunn av hennar status som den fyrste kvinnelege utanriksministeren i Pakistan. Ho vart intervjua i fleire, store internasjonale medium. Ho var medlem av sentralstyret i PPP frå 2008 til 2013 då ho trekte seg tilbake frå politikken.

Khar har vore ein aktiv føredragshaldar. I eit intervju med Al-Jazeera i desember 2015 skulda ho den amerikanske regjeringa for å støtte militære regime i Pakistan. Ho har skrive for Newsweek Pakistan og vart intervjua av Mehdi Hasan hos Oxford Union i desember 2015. I juni 2016 var ho med i Jirga with Saleem Safi, og uttala seg mot haldninga til Pakistan i Kashmirkonflikten. I ei framsyning på Islamabad litteraturfestival fortsette ho å forfekte ei tilnærming mellom India og Pakistan.

Tilbake til politikken 2018 Khar vart i 2018 vald inn igjen i nasjonalforsamlinga gjennom eit sete reservert for kvinner. Ho vart nominert av PPP.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hina Rabbani Khar» frå , den 8. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Minister of Foreign Affairs Who rules Pakistan?. Al Jazeera English, desember 2015 - intervju med Hina Rabbani Khar (video, 47 min.)

Artiklar

Khan, M Ilyas.

Kategori:Pakistanske politikarar Kategori:Pakistanske utanriksministrar Kategori:Folk frå Multan