Snøklokke (Galanthus nivalis) er ei plante i snøklokkeslekta i påskeliljefamilien. Arten kjem opphavleg frå Mellom- og Sør-Europa og Vest-Asia.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som vart funnen forvilla i 1860. Arten er i auke og er ganske vanleg på Austlandet og i kyststrøk til Trøndelag, derfrå meir spreidd til Troms. Ei form med fylte blomar (fylt snøklokke, G. nivalis f. pleniflorus) er vanleg som dyrka og ofte forvilla. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Snøklokkeslekta