Sibiriris (Iris sibirica) er ei plante i sverdliljeslekta i sverdliljefamilien. Arten kjem frå Aust-Europa og Vest-Asia.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som først vart funnen forvilla i 1895. Arten er bufast og stundom naturalisert og veks mange stader på Austlandet og i kyststrøk til Bergen, vidare meir spreidd til Steinkjer. I Framandartslista 2023 er han registrert med potensielt høg risiko (PH).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sverdliljeslekta