Margaret Lucas Cavendish, hertuginne av Newcastle-upon-Tyne (), var ein engelsk filosof, forfattar og vitskapskvinne.
Liv og virke Margaret Lucas vart fødd inn i ein familie av aristokratar og rojalistar. Foreldra hennar var Thomas Lucas og Elizabeth Leighton Lucas. Ho var den yngste av åtte sysken.
I 1645 gifta Lucas seg med William Cavendish. Gjennom han fekk ho innpass i Cavendish-krinsen, som også vart besøkt av René Descartes, Thomas Hobbes, Marin Mersenne og Kenelm Digby.
Cavendish sin utopiske roman The Blazing World (1666) er eit av dei tidlegaste eksempla på science fiction.
Filosofien til Cavendish handla hovudsakleg om metafysikk og naturfilosofi, men ho sysselsette seg også med sosial og politisk filosofi.
I likskap med Hobbes og Descartes tok Cavendish avstand frå skolastikarane. I motsetning til Descartes argumenterte Cavendish mot dualisme. Til skilnad frå Hobbes tok ho til ordre for ein vital materialisme. Dette innebar eit forsvar for panpsykisme.
Forfattarskap miniatyr|upright|The Description of a New World, Called the Blazing World Cavendish insisterte på å publisere verka sine under eige namn, i tillegg til å få trykt utgjevingane med eit portrett. Dette vart gjort på ei tid der dei fleste kvinner vanlegvis ikkje fekk publisert bøker, endå sjeldnare under sitt eige namn.
Poems and Fancies (1653) Philosophical Fancies (1653) World's Olio (1655) The Philosophical and Physical Opinions (1655) Nature's Pictures drawn by Fancies Pencil to the Life (1656) A True Relation of my Birth, Breeding, and Life (1656) Orations (1662) Plays (1662) Sociable Letters (1662) Philosophical Letters (1662) Observations upon Experimental Philosophy (1666) The Blazing World (1666) Life of William (1667) Plays Never Before Published (1668) Grounds of Natural Philosophy (1668) The Convent of Pleasure (1668)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Margaret Cavendish» frå , den 11. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Oppslag om Margaret Cavendish i The Stanford Encyclopedia of Philosophy (engelsk) Oppslag om Margaret Cavendish i Internet Encyclopedia of Philosophy (engelsk)
Kategori:Britiske filosofar Kategori:Naturfilosofi Kategori:Britiske forfattarar Kategori:Science fiction-forfattarar Kategori:Folk frå Colchester