Kathy Kirby () var ein engelsk songar. Det vert sagt at ho var den best betale kvinnelege songaren i si tid. Ho er best kjend for sin coverversjon av Doris Day-låten «Secret Love» og for å ha representert Storbritannia i Eurovision Song Contest i 1965, der ho kom på andreplass med låten «I Belong». Utsjånaden og det blonde håret gjorde at ho fleire gongar vart samanlikna med Marilyn Monroe. Populariteten til Kirby nådde toppen i 1960-åra, då ho var ein av dei mest kjende og verdsette personlegdommane i britisk underhaldingsliv.
Kirby hadde ei skolert og kraftig røyst, og gjennom framsyningar på fleire tv-program oppnådde ho stor popularitet og fekk fleire topp ti-hitar i Storbritannia. Ho vart også kåra til den beste britiske songaren av musikkmagasinet New Musical Express. Men mot slutten av 1960-åra dala karrieren hennar, og i 1983 trekte ho seg heilt tilbake frå artistlivet og budde i South Kensington i London.
Diskografi Album 1963 – Kathy Kirby Sings 16 Hits From Stars And Garters 1966 – Make Someone Happy 1968 – My Thanks to You
Singler 1963 – «Dance On!» 1963 – «Secret Love» 1964 – «Let Me Go, Lover!» 1964 – «You're the One» 1965 – «I Belong»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kathy Kirby» frå , den 13. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Kathy Kirby hos Internet Movie Database Kathy Kirby hos The Movie Database Kathy Kirby hos Discogs Kathy Kirby hos All Music
Kategori:Britiske musikarar Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Folk frå London