mini|Lysskilt utanfor eit detektivbyrå i rue du Louvre i Paris. Privatetterforsker eller privatdetektiv er ein person som tar på seg å etterforska saker for private, uavhengig av politiet. Dette kan vera fordi saka ikkje har interesse for politiet, fordi dei ikkje har funne svar eller fordi oppdragsgjevaren ikkje er nøgd med konklusjonen deira.
Saker av meir triviell karakter som nokre privatetterforskarar tar på seg, er saker der ein ektefelle ønsker å finna bevis på utruskap hjå den andre ektefellen.
Privatetterforskaren er ein kjend figur innan detektivforteljinga, frå Sherlock Holmes til Varg Veum.
Historie
I 1833 skipa Eugène François Vidocq, ein fransk soldat, kriminell og kaper, det fyrste kjende privatdetektivbyrået, Le Bureau des Renseignements Universels pour le commerce et l'Industrie.Historique des détectives et enquêteurs privés et grandes dates de la profession – "Le Bureau des Renseignements Universels pour le commerce et l'Industrie” Han hyra folk som tidlegare var blitt straffa, og tok saker som folk meinte politiet ikkje kunne eller ville handsama.
I Storbritannia skipa Charles Frederick Field eit etterforskingsbyrå etter at han var pensjonert frå Metropolitan Police i 1852. Field blei ein venn av Charles Dickens, som skreiv artiklar om han.
I USA skipa Allan Pinkerton sitt kjende Pinkerton National Detective Agency i 1850."Our History: Our roots trace back to 1850," Pinkerton Consulting & Investigations, 2021. Pinkerton blei kjend for å ha avverja det såkalla Baltimore Plot, ein plan om å snikmyrda Abraham Lincoln, som nett var vald til president, i 1861.
Noreg Tittelen er ikkje verna i Noreg, og kven som helst kan etablera seg som privatetterforskar. Dei fleste norske privatetterforskarar har likevel bakgrunn frå politiet eller eit anna relevant yrke, slik som Ola Thune. Det er også utarbeidd eit etisk regelverk for medlemmer av Norsk Forening for Etterforsking og Sikkerhet og Norske Privatetterforskeres Forbund.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Privatetterforsker» frå , den 16. mars 2023.
Denne artikkelen bygger på «Private investigator» frå , den 20. april 2023.
Kategori:Yrke