Anne-Lisa Amadou () var ein norsk litteraturforskar og litterær omsetjar frå Oslo. Ho var professor i fransk litteratur ved Universitetet i Oslo frå 1970 til 1982. Ho vart dr.philos. på avhandlinga Dikteren og hans verk. En studie i Marcel Prousts estetikk frå 1966.
Amadou gjorde eit viktig arbeid som omsetjar og kulturformidlar. Ho mottok ei rekkje prisar for si omsetjing av Proust sin romanserie På sporet av den tapte tid I-XII (1963–92), blant anna Bastianprisen, Fritt Ords pris og Norsk kulturråds omsetjarpris. Ho vart også tildelt den franske ordenen Palmes Académiques.«Dødsfall», Aftenposten, 2. april 2002, s. 11.
Verk 1965: Dikteren og hans verk - en studie i Marcel Prousts estetikk om Marcel Proust 1970: Tartuffes ansikt og andre essays om Molière 1978: Elleve franske romanstudier om Marcel Proust 1994: Å gi kjærligheten et språk om Sigrid Undset
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anne-Lisa Amadou» frå , den 18. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Anne-Lisa Amadou hos Norsk biografisk leksikon (snl.no) Anne-Lisa Amadou hos Norsk Oversetterleksikon
Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske litteraturprofessorar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Ordre des Palmes Académiques Kategori:Folk frå Oslo