Jacklyn Sheryl Rosen () er ein amerikansk politikar som har representert Nevada i det amerikanske senatet sidan 2019. Rosen er medlem av Det demokratiske partiet og representerte i Representanthuset frå 2017 til 2019.
Rosen blei vald inn i senatet i 2018 då ho slo den sitjande republikanaren Dean Heller. Ho var det einaste nye medlemmet av underhuset til å vinne eit sete i senatet i mellomvalet i 2018 og den einaste utfordraren som slo ein sitjande republikansk senator i 2018.
Tidleg liv og karriere Rosen blei fødd 2. august 1957 i Chicago i Illinois som dottera av husmora Carol og bilseljaren Leonard Spektor, ein veteran frå Koreakrigen. Mora var av irsk, tysk og austerriksk opphav og faren sin familie var jødiske innvandrarar frå Russland og Austerrike.
Rosen gjekk på University of Minnesota og blei uteksaminert med ein bachelorgrad i psykologi i 1979. Foreldra flytta til Las Vegas mens ho gjekk på college, og ho flytta etter dei då ho var uteksaminert. Ho tok ein jobb ved Summa Corporation og jobba som servitør på Caesars Palace i somrane på 1980-talet. Mens ho jobba for Summa gjekk ho på Clark County Community College (no College of Southern Nevada) og tok ein associate degree i data og informasjonsteknologi i 1985. I 1990 byrja ho å jobbe for Southwest Gas fram til ho byrja sitt eige rådgjevingsselskap tre år seinare.
Representanthuset Rosen, ein tidlegare programmerar utan politisk erfaring, blei spurt av den dåverande minoritetsleiaren i senatet Harry Reid om å stille til val for setet i Representanthuset, som stod tomt etter republikanaren Joe Heck i 2016. Den 26. januar erklærte ho at ho skulle stille til val i det 3. kongressdistriktet til Nevada. Rosen vann med 60 % av røystene i primærvalet til demokratane, og vann ein knapp siger over republikanaren Danny Tarkanian i valet. Ho blei teken i eid 3. januar 2017.
Det amerikanske senatet thumb|right|Rosen i den 115. amerikanske kongressen 2018 Rosen blei vald inn i det amerikanske senatet den 6. november 2018 med ein siger over den sitjande republikanaren Dean Heller. Under valkampen, som ho byrja 5. juli 2017, fekk ho støtte frå den tidlegare presidenten Barack Obama og tidlegare visepresident Joe Biden. Under valkampen fokuserte Rosen på si støtte for Affordable Care Act («Obamacare») og kritiserte røysta til Heller for å oppheve loven i 2017. Rosen hadde røysta mot forsøket til republikanarane på å oppheve Obamacare.
Rosen slo Heller med 50,4 % av røystene, mot Heller sine 45,4 %. Heller vann i 15 av dei 17 fylka i Nevada, men Rosen vann i dei to største, Clark County (der Las Vegas ligg) og Washoe County (der Reno ligg). Ho vann i Clark County med over 92 000 røyster, nesten det dobbelte av marginen ho vann med i delstaten på 48 900.
Rosen var ein av berre to demokratar som ikkje allereie var sitjande, saman med Kyrsten Sinema frå Arizona, som vann senatorvalet i 2018. Rosen var også den 37. personen til å sitje ein periode i Representanthuset til å vinne ein plass i senatet, og den første kvinna til å gjere det.
Mandatsperiode Den 117. amerikanske kongressen (2021–no) Rosen var i kongressbygget for teljinga av valmannsrøystene i 2021, då Trump-supportarane storma kongressen. Ho var i Russell Senate Office Building da ho blei evakuert til ein hemmeleg, trygg stad. Under åtaket tvitra ho og skildra hendinga som «reprehensible» og at «It’s time for us as a nation to come together and denounce hate and violence.»
Politiske posisjonar Rosen har blitt skildra både som ein liberal demokrat og ein moderat demokrat. Per januar 2021 hadde FiveThirtyEight funne at Rosen røysta likt med president Donald Trump i 34,6 % av tilfella. American Conservative Union gav ho ei omdømming på 5,35 % i 2021.
Utanrikspolitikk I april 2019 var Rosen ein av 34 senatorar som signerte eit brev til Trump der han blei oppfordra «to listen to members of your own Administration and reverse a decision that will damage our national security and aggravate conditions inside Central America», der dei også sa at Trump hadde «consistently expressed a flawed understanding of U.S. foreign assistance» etter å ha blitt president, og at han dreiv med «personally undermining efforts to promote U.S. national security and economic prosperity» ved å hindre bruken av midlar øyremerkt for nasjonal sikkerheit i 2018. Senatorane argumenterte for at støtte til land i Mellom-Amerika ville føre til mindre emigrasjon til USA ved å betre tilstandane i de gjeldande landa.
Våpenpolitikk Rosen støttar ei ulovleggjering av angrepsvåpen i USA.
Helsevesen Rosen støttar Affordable Care Act og provisjonane som hindrar pasientar i å bli nekta forsikring eller få høgare kostnadar på grunn av alder eller eksisterande helsetilstandar. Ho støttar moglegheita for borgarar å kjøpe seg inn i Medicaid som eit alternativ til å tevle med private forsikringsselskap.
Under nedstenginga av statsapparatet i januar 2019 var Rosen ein av 34 senatorar som signerte eit brev til kommissæren av Food and Drug Administration Scott Gottlieb der dei anerkjende arbeidet til FDA arbeid med biverknadane av nedstenginga på offentleg helse og tilsette, samtidig som dei uttrykte bekymringar for «that the continued shutdown will result in increasingly harmful effects on the agency's employees and the safety and security of the nation's food and medical products.»
I februar 2019 var Rosen ein av 11 senatorar som signerte eit brev til insulinprodusentane Eli Lilly and Company, Novo Nordisk og Sanofi over dei aukande prisane på insulin, som dei skulda for at pasientar mangla «access to the life-saving medications they need.»
I august 2019 var Rosen ein av 19 senatorar som signerte eit brev til finansminister Steven Mnuchin og helse- og omsorgsminister Alex Azar der dei bad om informasjon frå Trump-regjeringa for å kunne hjelpe delstatar og kongressen forstå dei moglege konsekvensene av kva som ville skje om Texas v. United States ville få medhald i retten. Dei skreiv at ei total overhaling av helsevesenet ville skape «an enormous hole in the pocketbooks of the people we serve as well as wreck state budgets».
Immigrasjon Rosen støttar «comprehensive immigration reform», men meiner ikkje at Immigration and Customs Enforcement bør avskaffast.
Jobbar og økonomi Rosen var ein av tre demokratar som røysta mot partiet sitt for å gjere individuelle skattelettar permanente. Ho støtter ein minstelønn på $15 timen.
Kvinnerettar Rosen er for sjølvbestemt abort, og har fått støtte frå NARAL Pro-Choice America.
Privatliv Rosen bur i Henderson i Nevada saman med mannen Larry, som er radiolog. Saman har dei ei dotter. Før ho gjekk inn i politikken var ho president for Congregation Ner Tamid, ein reformjødisk synagoge i Henderson. Ho har vist til filosofien i tikkun olam som å ha spelt ei stor rolle i avgjerda si om å gå inn i politikken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jacky Rosen» frå , den 20. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Offisiell senatorside Jacky Rosen for U.S. Senate Jacky Rosen i det biografiske kartoteket til den amerikanske kongressen
Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:USA-amerikanske programmerarar Kategori:Senatorar i USA Kategori:Folk frå Chicago