Valborg Stoud Platou () var ein norsk dommar.Valborg Stoud Platou i lokahistoriewiki.no. Liv og virke Etter examen artium 1900 ved Aars og Voss' skole i Kristiania, blei Platou i 1906 den åttande norske kvinna som tok cand.jur. Etter utdanninga jobba ho eit år ved sorenskrivaren i Søndre Østerdalen fogderi. Frå 1911 var ho overrettssakførar i hovudstaden Kristiania, men berre i nokre månadar, ettersom ho i 1912 blei sekretær i Arbeidsdepartementet og blei verande til 1926. I 1923 hadde ho òg vore fire månadar som rettsskrivar (kontorsjef) i lagmannsretten, og i 1924 vore tre månadar tilbake som konstituert og eidsvoren fullmektig i nemnde Søndre Østerdalen fogderi, der ho hadde vore femten år tidlegare.
I 1926 melde Platou overgang til Oslo overrett, der ho tok seg av klagesaker frå underretten. Denne vart avskaffa i 1936, men ho hadde i 1927 gått over til Oslo byrett, der ho var ekstraordinær dommar i 1932 og i 1936 fekk fast jobb. Med dette var ho ei av dei første kvinnene i Noreg som fekk jobb som dommar. Ho jobba heilt til ho blei pensjonist i 1947.
Foreldra hennar var jurist Carl Ludvig Stoud Platou (1841–1898) og Mette Marie Grüner Christiansen (1846-1927). Broren Carl Nicolai Stoud Platou (1885–1956) blei fylkesmann i Oslo og Akershus. Platou døydde ugift i 1960.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Valborg Stoud Platou» frå , den 21. mars 2023.
Kategori:Norske dommarar Kategori:Folk frå Bergen