Kirsten Ohm ()Aftenposten, 27. september 1980, s. 18. var ein norsk diplomat og ei føregangskvinne i norsk utanriksteneste. Ho var den fyrste kvinnelege ambassadøren for Noreg.Iver B. Neumann og Halvard Leira: Aktiv og avventende. Utenrikstjenestens liv 1905-2005, Oslo: Pax, 2005, s. 472–473.
Liv og virke Bakgrunn Ohm vart fødd i Narvik, men vaks opp i Stavanger. Ho var elev ved Kongsgård skole i Stavanger.Stavanger Aftenblad: «Pragmatisk diplomat med nyfeministiske sympatier», 21. juli 1972 s.3. I 1956 avla ho magistergrad i statsvitskap ved Universitetet i Oslo med oppgåva Mandatsystemet under Folkeforbundet. Tilsynssystemet under De forente nasjoner. En statsvitenskapelig analyse av den politiske målsetting og de politiske resultater. Ho var den første kvinna til å fullføre denne utdanninga.«Magister i statsvitenskap», Aftenposten, 1. juni 1956, s. 4. Etter endt utdanning i Noreg var ho stipendiat ved SN i New York og hadde eit opphald ved Bryn Mawr College, deretter følgde ein periode som NATO-stipendiat ved London School of Economics og ved Harvard University.Berit Vikdal: «Ambassadør med røtter i Vestlands-Norge», Aftenposten, 6. november 1976.
Utanriksteneste I 1959 avla Ohm aspiranteksamen i Utanriksdepartementet.Aftenposten, 19. juni 1959, s. 4. Ho var kvinne nummer to som gjorde dette, men den fyrste som faktisk byrja å arbeide som diplomat.«Veien er åpnet, resten står til kvinnene selv! Nøktern, jordnær og ytterst kunnskapsrik er Kirsten Ohm, vår første kvinnelige diplomat», Aftenposten (aften), 6. juli 1959, s. 2. Frå 1961 til 1964 var ho ambassadesekretær ved den norske ambassaden i Frankrike, deretter var ho frå 1964 til 1967 ambassadesekretær ved den norske delegasjonen til SN i New York. I åra 1967 til 1972 var ho tilbake i departementet i Oslo, der ho i 1971 vart byråsjef.«Offisielt fra statsråd», Aftenposten, 23. august 1971, s. 13. Året etter vart ho ambassaderåd ved den norske ambassaden i Paris.«Offisielt fra statsråd», Aftenposten, 24. juni 1972, s. 16. Ho var den fyrste kvinna som nokon gong hadde fått ei slik utnemning i norsk diplomati.«Første kvinne ambassaderåd», Aftenposten, 4. september 1972, s. 4. I sin diplomatiske karriere arbeida Ohm særleg tett med utanriksministrane Halvard Lange og Knut Frydenlund.Heidi Solheim Johansen: «Kvinnelige ambassadører i 25 år», Aftenposten, 19. desember 1999, s. 15.
Då Noreg oppretta ein fast representasjon ved Europarådet i Strasbourg, vart Ohm den fyrste stasjonssjefen. Utnemninga vekte mediemerksemd allereie før ho formelt fann stad,«Første kvinnelige ambassadør i vente», Aftenposten, 19. september 1974, s. 7. i ei tid der avisene skreiv om «skrikende mangel» på kvinner i norsk diplomati.«Skrikende mangel på kvinner i UD», VG, 4. april 1975, s. 58. Artikkelen viser til at Ohm er den første og einaste kvinnelege ambassadøren til Noreg, og at Noreg ligg etter andre land med omsyn til kvinner i utanrikstenesta. Ho tiltredde som ambassadør ved Europarådet i 1975, som den fyrste kvinnelege ambassadøren i norsk utanriksteneste. Ho var ambassadør i Strasbourg til 1981 og vende tilbake til departementet i Oslo, der ho vart spesialrådgjevar. I 1987 følgde utnemning til ein ny ambassadørpost, denne gongen i Irland.«Nytt fra statsråd», Aftenposten, 17. oktober 1987, s. 22. Ohm vendte tilbake til Norge i 1992 og vart pensjonert i 1997.
Ohm er omtala som ein rollemodell for kvinner i norsk diplomati. Ho skildra i 1983 sjølv erfaringane sine som ambassadør i Strasbourg i eit kapittel i ei bok om diplomati.
Ohm var kommandør av St. Olavs Orden.Norges statskalender 1993, Oslo: Grøndahl Dreyer, 1993, s. 633.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kirsten Ohm» frå , den 23. mars 2023.
Kategori:Norske diplomatar Kategori:Norske statsvitarar Kategori:Norske ambassadørar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Narvik Kategori:Folk frå Stavanger