Lokalkasus er ei undergruppe av grammatiske kasus. Den grunnleggjande funksjonen til desse kasusa er å yttrykke posisjon eller rørsle, dvs. kvar ein referenten til ordet eller frasen som står i kasuset er eller er på veg til eller frå.
Sørsamisk og lulesamisk har eit system med eitt kasus for kvart av dei tre funksjonane.
+ Ein dimensjon Funksjon Til i / på Frå Kasus illativ inessiv elativ
I nordsamisk og enaresamisk har inessiv og elativ falle saman til eit kasus som har både i/på- og frå-funksjon. Dette blir tradisjonelt kalla lokativ.
I dei austersjøfinske språka er det to sett av lokalkasus, slik at kvar av dei tre funksjonane har to kasus, ein for indre og ein for ytre kasus.
+ To dimensjonar Funksjon Til i / på Frå Indre kasus illativ inessiv elativ Ytre kasus allativ adessiv ablativ
Ungarsk har eit system med 3 x 3 lokalkasus:
+ Tre dimensjonar Funksjon Til i / på Frå Indre kasus illativ inessiv elativ Ytre kasus allativ adessiv ablativ Overkasus delativ superessiv sublativ
Kjelder
Karlsson, Fred 1976: Finskans struktur. LiberLäromedel, Lund 1976.
László Keresztes: Praktische ungarische Grammatik. Debrecen: Debreceni Nyári Egyetem, 1992; ISBN 963-472-038-2
Trosterud, Trond 1991: Lokalkasus og preposisjonar i finsk, kvensk, samisk og norsk. Norsk Lingvistisk Tidsskrift 9:50-78.
Kategori:Kasus
Kategori:Morfologi