Reidar Sandal () er ein norsk politikar frå Arbeidarparti stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane og kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 1995-1997.

Reidar Sandal var første vararepresentant til Stortinget frå 1989 til 2001, og møtte fast i Kjell Opseth si statsrådtid, frå 3. november 1990 til 22. desember 1995, då han sjølv blei statsråd, kyrkje-, utdannings- og forskingsminister fram til 17. oktober 1997.

Han blei deretter vald inn på Stortinget i 2001 og sat i to periodar fram til 2009, då han ikkje tok attval. Frå desember 2006 og ut stortingsperioden var Sandal leiar for finanskomiteen.

Sandal tok til som leiar av Noregs Bank sin representantskap i januar 2010. Frå 2010 til 2014 var han styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Han vart på ny vald til dette vervet i 2022. Frå 2010 til 2014 leia han styret for Innovasjon Norge.

Medlemskap i regjering Statsråd Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 22. desember 1995–25. oktober 1996 (Regjeringa Brundtland III) Statsråd Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 25. oktober 1996–17. oktober 1997 (Regjeringa Jagland)

Stortinget

Medlemskap i presidentskapen Reidar Sandal var første varapresident i Stortinget i perioden 11. oktober 1993–22. desember 1995.

Stortingskomitear 1989–93: medlem av finanskomiteen frå 15. september 1992 1989–93: medlem av sjøfarts- og fiskerikomiteen frå 8. november 1990 til 15. september 1992 1993–97: medlem av finanskomiteen og valkomiteen til 22. desember 1995 2001–05: medlem av kommunalkomiteen 2001–05: medlem av valkomiteen 2005–09: medlem av finanskomiteen, leiar frå 5. desember 2006 2001–09: medlem av valkomiteen

Kjelder Stortinget.no - Biografi

Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Brundtland III Kategori:Statsrådar i Regjeringa Jagland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Vågsøy Kategori:Folk frå Flora