Bertha Torgersen ()Mannedamene. Lest 10. mars 2017 var ein norsk skipsreiar. Saman med Hanna Brummenæs skipa ho reiarlaget Brummenæs & Torgersen i 1909, og dei blei med dette dei fyrste kvinnelege skipsreiarane i Noreg.
Liv og virke Brummenæs og Torgersen traff kvarandre på Visnes på Karmøy, då dei jobba i butikk i gruvesamfunnet der. Dei dreiv ei stund sin eigen butikk, men avslutta denne verksemda. Rundt 1900 flytta dei saman i Haugesund og byrja å interessere seg for skipsfart. Dei investerte i skipsaksjar, og la seg opp nok pengar til å kjøpe ein sildedampar i 1909. Båten heitte «D/S Gouval» og blei kjøpt kontant på tvangsauksjon. Brummenæs & Torgersen - Europas første kvinnelige skipsredere. - Skipshistorie.net. Lest 10. mars 2017
Brummenæs og Torgersen kjøpte fire skip til på mellom 1350 dvt og 3200 dvt, som hadde som fellesnemnar at dei stort sett alle var i dårleg stand og trege. Tre av skipa var bygget på 1800-talet og det siste i 1904. Skipa blei brukte til trampfart, det vil seia at dei frakta last ein stad ho var ønska, og så tok med ny last på tilbakevegen. Tilstanden til skipa gjorde at alle blei mista under første verdskrigen, bortsett frå «Gouval», som sank før krigen.
Etter krigen stod det dårleg til med skipsbransjen i byen. Brummenæs og Torgersen hadde betalt svært lite for sine fem skip og dreiv reiarlaget svært rimeleg, så dei gjekk med eit enormt overskot då krigsskadeerstatningane blei utbetalt.
Mellom 1921 og 1927 kjøpte Brummenæs og Torgersen fem gamle skip, og i 1929 kjøpte dei sitt einaste motorskip. Dette var «Equatore» som var i svært dårleg stand, og til slutt blei kornlager på land. Dette gjorde skipet til eit av to skip dei eigde som ikkje sank.
Før andre verdskrig kjøpte dei fleire gamle dampskip. I løpet av krigen blei alle skipa deira senka eller gjekk på grunn.De gjerrige skipsrederne - NRK. Lest 10. mars 2017
Torgersen blei, saman med Brummenæs, kalla for «mannedamene». Dei kledde seg i herreklede og opererte i ein mannsdominert bransje.
Det var Torgersen som hadde det økonomiske ansvaret i drifta. Da ho døydde var det rundt 6 millionar kroner igjen i buet, og ein fann at det framleis var pengar igjen etter krigsskadeerstatningane etter første verdskrigen.
Torgersen døydde i 1954 og er gravlagd saman med Hanna Brummenæs.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bertha Torgersen» frå , den 27. mars 2023.
Bakgrunnsstoff Hanna Brummenæs og Bertha Torgersen hos Skeivt Arkiv. Brummenæs og Torgersen hos Kvinnehistorie.
Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Haugesund