Tornstjertar (Aphrastura) er ei lita biologisk slekt i omnfuglfamilien av sporvefuglar. Slekta inkluderer berre to artar, begge med utbreiing i Sør-Amerika, og ein øyart er kritisk trua.
Dette er småvaksne omnfuglar med karakteristiske flisete, stive, piggete halefjørerfjører. Dei rører seg snøgt i skog, krattskog, tuegras og anna vegetasjon.
Artslista etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Gulbryntornstjert, Aphrastura spinicauda, Thorn-tailed Rayadito, (Gmelin, JF, 1789), (LC) 13-14 cm lang, har utbreiing frå Coquimbo-regionen i Chile sørover til Eldlandet, dels inn i Argentina. Masafueratornstjert, Aphrastura masafuerae, Masafuera Rayadito, (Philippi & Landbeck, 1866), (CR) 14-15 cm lang, endemisk for Alejandro Selkirk-øya, Chile
Det er skildra fire underartar for gulbryntornstjert. I 2022 blei ein av dei, A. s. subantarctica, føreslått klassifisert om til sin eigen art. A. s. subantarctica er endemisk for Diego Ramírez-øyane.
Kjelder
BirdLife International (2023) Species factsheet: Aphrastura masafuerae. Henta 27. mars 2023 Remsen, Jr., J. V., E. de Juana, og C. J. Sharpe (2020). Masafuera Rayadito (Aphrastura masafuerae), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.masray1.01 Remsen, Jr., J. V. og A. Bonan (2020). Thorn-tailed Rayadito (Aphrastura spinicauda), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.thtray1.01
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Omnfuglfamilien Kategori:Fugleslekter