Aurelia Dobre () er ein tidlegare turnar frå Romania som i 1987 vart verdsmeister i mangekamp.

Tett på 15-årsdagen vann Dobre gullmedalje i både mangekampen, bomøvinga og lagtevlinga under Verdsmeisterskapen i turn 1987 i Rotterdam. Dessutan sikra ho seg bronsemedaljar i frittståande og hopp. Gjennom meisterskapen vart ho tildelt 10 blanke poeng i fem av øvingane. Året etter var ho del av det rumenske mannskapet som tok sølv i lagtevlinga under dei olympiske leikane i Seoul, individuelt i mangekampen enda ho på sjetteplass. Også ved Turn-VM 1989 i Stuttgart vann ho sølv i lagtevlinga.

Dobre la opp med ho var i tenåra, dels grunna to alvorlegare skadar og dels ein tyngre kropp etter vekst. I 1991 immigrerte ho til USA og gifta seg året etter med ein iransk-amerikansk turntrenar. Ho bur i delstaten Maryland.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aurelia Dobre» frå , den 29. mars 2023.

Kategori:Rumenske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Romania Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Rumenske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1988 Kategori:Folk frå București