Strømsgodset IF er ein norsk fotballklubb frå Drammen. Han vart stifta 10. februar 1907.

Klubben spelar i Eliteserien, og har også eit lag i 3. divisjon avdeling 2 (2020). Noverande hovudtrenar er Henrik Pedersen. Klubben spela tidlegare i 1. divisjon (Adeccoligaen), men rykte opp til Tippeligaen etter uavgjort mot Løv-Ham 5. november 2006. Like etter sesongslutt i 2005 vart klubben kjøpt opp av lokale mangemillionærar, med Atle Kittelsen i spissen.

Klubben hadde stordomstida si på slutten av 1960-talet og byrjinga av 1970-talet. Strømsgodset vann toppserien i 1970 og 2013, og cupen i 1969, 1970, 1973, 1991 og 2010.

I seinare tid har Strømsgodset vunne cupen i 1991 og var tapande finalist i 1993 og 1997. Laget fekk òg 3. plass i Tippeligaen i 1997, 2. plass i 2012 og vant altså i 2013.

Klubben har sidan 1967 spela heimekampane sine på Marienlyst stadion i Drammen, tidlegare på Gulskogen Idrettspark.

Noverande tropp

Tidligare spelarar Tor Alsaker-Nøstdahl Jostein Flo Egil Olsen) Thorodd Presberg Steinar Pettersen Ingar Pettersen Odd Johnsen Kenneth Karlsen Øyvind Leonhardsen Thomas André Ødegaard Espen Johnsen Stian Ohr Ronny Deila

Kjelder

Bakgrunnsstoff www.godset.no - Offisiell heimside

Kategori:Strømsgodset Idrettsforening Kategori:Fotballag i Drammen Kategori:Fotballag skipa i 1907 Kategori:1907 i Noreg Kategori:Eliteserien 2020