mini|Fyrste joledag 2017. Meghan, hertuginne av Sussex ( som Rachel Meghan Markle) er ein amerikansk tidlegare skodespelar som er medlem av den britiske kongefamilien igjennom ekteskapet sitt med prins Harry.
Bakgrunn Meghan Markle vart fødd og oppvaksen i Los Angeles i California. Ho har ein bachelorgrad innan teater og internasjonale studiar frå Northwestern University i 2003, medan ho arbeidde som skodespelar. Frå 2011 til 2017 spela ho rolla som Rachel Zane i advokatserien Suits. Ho har òg hatt biroller i filmane Remember Me og Horrible Bosses.
Meghan vart forlova med prins Harry i 2017, av den grunn avslutta ho skodespelarkarrieren sin. Då dei gifta seg den 19. mai 2018, fekk ho tittelen hertuginne av Sussex.
Magasinet Time har utpeika henne i 2018 og 2021 til ein av dei 100 mest innverknadsriket personane i verda.
Bryllaup Trulovinga mellom Meghan Markle og prins Harry vart kunngjord den 27. november 2017. Deretter byrja Markle den årelange prosessen med å verta britisk statsborgar. Den fyrste offentlege framferda hennar med prinsen etter trulovinga fann stad i Nottingham den 1. desember 2017. Ho vart døypt og konfirmert i Den engelske kyrkja den 6. mars 2018. Den private seremonien vart halden i Chapel Royal i St. James's Palace, og erkebiskopen av Canterbury Justin Welby brukte vigslevatn frå Jordanelva til å døypa Markle inn i Den engelske kyrkja.
Bryllaupet fann stad den 19. mai 2018 i St. George's Chapel i Windsor Castle.
Paret fekk ein son, Archie Mountbatten-Windsor, 6. mai 2019, og ei dotter, Lilibet Mountbatten-Windsor, 4. juni 2021.
Kongelege vitjingar I juli 2018 utførte Meghan sin fyrst offisielle utanlandstur som kongeleg då ho og Harry vitja Dublin i Irland. I oktober 2018 drog paret til Sydney i Australia for å vera til stades ved Invictus Games 2018. Dette var del av ei reise til stillehavsland som omfattar Australia, Fiji, Tonga og New Zealand.
I september og oktober 2019 vitja paret dei sørafrikanske landa Malawi, Angola, Sør-Afrika og Botswana. Sonen Archie reiste i lag med foreldra, slik at dette vart «den fyrste offisielle reisa som ein familie». Meghan gjennomførte om lag 179 oppdrag i 2018 og 2019.
I januar 2020 vende Meghan og Harry tilbake til Storbritannia frå ein ferie i Canada og kunngjorde at dei ville tre tilbake frå rolla som seniormedlemmar av kongefamilien, og ville bu dels i Storbritannia og dels i Nord-Amerika.
Seinare verksemd I desember 2020 skreiv Meghan og Harry ein kontrakt over fleire år med Spotify om å produsera og leia sine eigne program gjennom føretaket sitt, Archewell Audio. Dei laga ein juleepisode saman i desember 2020, medan Meghan sitt podkast, Archetypes, hadde premiere i august 2022.
I juni 2021 gav Meghan ut biletboka The Bench på Random House Children's Books, basert på tilhøvet mellom ektemannen hennar og sonen deira.
Dokuserien Harry & Meghan vart produsert av Netflix og Archewell Productions og hadde premiere 8. desember 2022. Han var regissert av Liz Garbus, og tok for seg livet til paret.
Skodespelar Filmografi 2016 – Dater’s Handbook 2015 – Anti-Social 2014 – When Sparks Fly 2013 – Random Encounters 2013 – Suits Webisodes 2012 – Castle 2012 – Dysfunctional Friends 2011 – Suits 2011 – Horrible Bosses 2011 – The Boys and Girls Guide to Getting Down 2010 – The Candidate 2010 – Get Him to the Greek 2010 – CSI: Miami 2010 – Remember Me 2009 – The League 2009 – Fringe 2009 – Sporløst forsvunnet 2009 – Knight Rider 2008 – The Apostles 2008 – Til Death 2008 – 90210 2008 – Good Behavior 2006 – CSI: NY 2006 – Deceit 2006 – The War at Home 2005 – Love, Inc. 2005 – A Lot Like Love 2005 – Cuts 2004 – Century City 2002 – General Hospital
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Meghan, hertuginne av Sussex» frå , den 6. april 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Los Angeles Kategori:USA-amerikanske skodespelarar