Rotoruasjøen (maori Te Rotorua nui ā Kahumatamomoe) er den nest største innsjøen på Nordøya på New Zealand, og dekkjer 79,8 km². Med ei gjennomsnittleg djupne på berre 10 meter er han mykje mindre enn nærliggjande innsjøen Tarawera målt i vassvolum. Sjøen ligg innanfor Rotorua-kalderaen i Bay of Plenty-regionen. Han har gjeve namn til byen Rotorua.

Rotoruasjøen får tilført vatn frå ei rekkje elvar og bekkar; slik som Utuhina med ein vasstemperatur som er varmare enn innsjøen på grunn av den termiske aktiviteten i Rotorua-området. På nordsida har elvane krystallklart vatn med konstant temperatur på 10 grader Celsius, til dømes Hamurana og Awahou-elva. Andre sideelvar inkluderer Ngongotahā-elva, som er kjend for aurefiske.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Rotorua» frå , den 10. april 2023

Bakgrunnsstoff

Kategori:Innsjøar på New Zealand