mini|Nærbilete av den karakteristiske «slitne» blåfargen og gylne sømer olabukser ofte har. mini|Snekkerbukser i dongeritøy. Dongeri, olastoff eller denim er eit sterkt, indigoblått bomullstøy. Det vert nytta i slitesterke fritids- og arbeidsklede, særleg bukser. Ordet dongeri kan òg visa til olabukser eller jeans.
Etymologi Ordet dongeri kjem frå engelsk dungaree som er lånt frå hindi etter staden i India der stoffet vart vove, eventuelt etter nemninga på hindi for denne typen vove, kraftig bomullsstoff. Stoffet vert òg kalla denim etter den franske nemninga serge de Nîmes, som tyder «stoffar frå (byen) Nîmes».
På norsk vart ordet tidlegare òg skrive «dongery».
Soge Dongeri er opphavleg frå India, der det vart nytta til segl og til klede for dei fattige.dongeri i Store norske leksikon på snl.no. Henta 11. april 2023. I Vesten vart det utbreidd mellom anna via kledehandlaren Levi Strauss som selde bukser av dongeri til gruvearbeidarar under gullrushet i California i 1850. Dette la grunnlaget for det kjente olabuksemerket Levi's.
Dongeritøy Dongeri kan brukast som stoff til mange typar plagg: bukser, jakker, skjorter og skjørt er vanleg, men òg kjolar, barnetøy og vesker vert laga. Originalfargen er beige, men i dag vert dongeritøy léta hovudsakleg i blått, men førekjem òg i andre leter.
Sjå òg Dongeribukse
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dongeri» frå , den 11. april 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tekstilar