Silent Letter er det åttande studioalbumet til den amerikanske folkrockduoen America, gjeve ut av Capitol Records i juni 1979.

Dette var det første studioalbumet til America etter at Dan Peek slutta, den første America-utgivinga på Capitol Records og det siste av i alt sju album på rad produsert av den mangeårige Beatles-produsenten George Martin.

Det var òg det første studioalbuma deira sidan debuten som hadde ein tittel som byrja med ein annan bokstav enn «H». Tittelen i seg sjølv erkjenner den «manglande H-en» ved den ironiske referansen sin til stumme bokstavar i det engelske språket.

Albumet inneheld fartsfylte discolåter, pianobaserte powerballader (ofte sungne av Gerry Beckley) og mellomkjappe poprocklåtar.

Mottaking I meldinga si i Allmusic noterte musikkritikaren Steven Thomas Erlewine overgangen til bandet frå «folk-aktig California-softrock» til vaksenpop. Han skreiv om albumet: «Sluttresultatet er kanskje mangelfullt, men på ein fornøyeleg måte. Og samanlikna med platene som gjekk føre det og nokre av albuma som følgde etter det, verkar Silent Letter absolutt som eit nyare høgdepunkt for Amerika.»

Albumet vart ingen kommersiell suksess, og nådde berre 110. plassen på Billboard-lista. Det produserte likevel tre mindre hitsinglar. «Only Game in Town» som bobla under Hot 100-lista, og nådde ein 107. plass. «All My Life» og «All Around» bomma så vidt på topp 40 på Adult Contemporary-lista, med høvesvis 48. og 45. plass. Førstnemnde var ein stor hit i Asia.

Innhald

Medverkande America Gerry Beckley – vokal, gitar, klaverinstrument Dewey Bunnell – vokal, gitar med: Mike Woods – sologitar David Dickey – bass Willie Leacox – trommer Jim Calire – klaverinstrument, saksofonsolo Tom Walsh – perkusjon

Salslister Liste (1979) Plassering Australske album (Kent Music Report)51

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Silent Letter (album)» frå , den 19. april 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:America-album Kategori:Musikkalbum produserte av George Martin Kategori:Capitol Records-album Kategori:Album spelte inn i AIR Studios