Hourglass er det trettande studioalbumet til den amerikanske folkrockduoen America, gjeve ut av American Gramaphone i 1994. Dette var det første nye studioalbumet til America sidan Perspective frå 1984. Det vart gitt ut to singlar frå albumet, «Young Moon» og «Hope», men deinådde ikkje hitlistene i USA. Songane fekk meir speletid i Europa. Songen «Hope» vart ein kjenningsmelodi for TJ Martell Foundation og vart spelt inn av ei gruppe countrystjerner i ein innsamlingsaksjon for stiftinga. Innspelinga av «You Can Do Magic» som er inkludert her er ikkje hit-versjonen, men ei nyinnspeling som er svært lik.
Skodespelaren/musikaren Bill Mummy bidrog til dette albumet ved å skriva «Sleeper Train» og «Greenhouse» og bidrog med ekstra gitararbeid.
Mottaking
AllMusic hevda at albumet «høyrest både kjent og friskt ut» og at songane er jamt over gode, ei overrasking for eit band så gammalt som America. Opningssporet «Young Moon» «er like bra som nokre av hittane i gruppa.».
Innhald
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hourglass (America album)» frå , den 20. april 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:America-album Kategori:Musikkalbum frå 1994 Kategori:Album produserte av Steve Levine Kategori:American Gramaphone-album