mini|Det engelskspråklege hovudkvarteret til CBC i Toronto. Canadian Broadcasting Corporation (CBC) er eit kanadisk statleg føretak som står for kringkasting av nasjonal radio og TV i Canada. På fransk heiter føretaket la Société Radio-Canada (Radio-Canada eller SRC). Det er òg kjent under samlenamnet CBC/Radio-Canada.

CBC er det eldste kringkastingsselskapet i Canada, og blei skipa i den noverande forma si den 2. november 1936. Radiotenester dei leverer er mellom anna CBC Radio One, CBC Radio 2, CBC Radio 3, Première Chaîne, Espace musique og den internasjonale radiotenesta Radio Canada International. Av TV-kanalar har dei CBC Television, Télévision de Radio-Canada, CBC Newsworld, le Réseau de l'information, ARTV (deleigarskap), Documentary og Bold. CBC sender òg i kanadiske Arktis under namna CBC North og Radio Nord Québec.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Canadian Broadcasting Corporation» frå , den 21. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Føretak skipa i 1936 Kategori:Radiokanalar Kategori:Statlege føretak Kategori:Canadiske føretak Kategori:Kringkastingsstasjonar og -nettverk