Villportulakkslekta (Claytonia) er ei slekt av dekkfrøplantar frå Asia, Nord-Amerika og Sentral-Amerika. Lauvet er rikt på vitaminar, og kan brukast som mat i rå eller varmebehandla form. Rotknollane kan brukast som poteter.
Namn
mini|venstre|Claytonia megarhiza mini|venstre|Blomar av Claytonia virginica
Det botaniske namnet på slekta er etter John Clayton, som samla døme på ulike planteartar i Nord-Amerika og delte dei ut til botanikarar i Europa.Information page John Clayton herbarium at Natural History Museum, London UK. It reports that the genus name Claytonia was originated by Johan Frederik Gronovius (died 1762) in recognition that Gronovius had received the relevant specimens from John Clayton (died 1773).
Skildring Plantane er nokre få centimeter høge og litt kjøtaktige. Blomane er kring 2,5 cm i diameter.
Utbreiing og leveområde Slekta er særleg kjend frå fjellrekkjer i Asia og Nord-Amerika. I den gamle verda finst ho nordvest til Kasakhstan, Mongolia og austlege Russland. Ho finst i mesteparten av det nordlege USA, og nokre artar finst i Guatemala.
Claytonia perfoliata, ein art som er blitt kjend som miner's lettuce på engelsk, finst i fjellområde vest i Nord-Amerika. Han veks i fuktig jordsmonn, og føretrekk område som nyleg er blitt forstyrra.
Bruk Lauvet til plantane er rikt på vitaminar, og kan brukast som mat i rå eller varmebehandla form. Rotknollane kan kokast og etast som poteter.
Taksonomi Slekta var tidlegare rekna som del av portulakkfamilien (Portulacaceae), men med innføringa av det taksonomiske APG IV-systemet i 2009 blei ho flytta til familien Montiaceae. Fleire artar i slekta var tidlegare rekna til slekta Montia. I 2006 blei det gjeve ut eit inngåande studium av Claytonia.Miller, J. M. and K. L. Chambers. 2006. Systematics of Claytonia (Portulacaceae). Systematic Botany Monographs 78: 1-234.
Artar I januar 2019 hadde Kew si Plants of the World Online-liste 33 godtekne artar:
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Claytonia» frå , den 14. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
CalFlora Database: Claytonia Illinois Wildflowers. Flower-Visiting Insects of Spring Beauty
Kategori:Takson namngjevne av Carl von Linné