«Cryin» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Han vart skriven av Steven Tyler, Joe Perry og Taylor Rhodes, og kom ut på Geffen Records den 20. juni 1993 som ein singel frå det 11. studioalbumet deira Get a Grip (1993). Singelen nådde 12. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100, og enda året på 60. plassen for heile 1993. Songen er ein av deira mest suksessfulle hittar i Europa, og nådde nummer éin i Noreg, nummer tre på Island, i Portugal og Sverige, og nummer 17 på UK Singles Chart. Songen selde til gullplate i USA for å ha selt over 500 000 eksemplar.

Musikkvideoen inneheld Alicia Silverstone, Stephen Dorff og Josh Holloway.

Bakgrunn Tyler skildra songen slik: «Det var country - me berre Aerosmith-a det.»

Mottaking Alan Jones frå Music Week gav songen tre av fem, og skildra han som «ei høgoktan framføring» og kåra han til den beste songen frå albumet Get A Grip. Han erklærte òg songen som «hymnisk og overtydande. Forvent eit kort, men glitrande hitlisteliv.« Ein annan redaktør, Andy Martin, gav han òg tre av fem, og la til at «det er vanskeleg å sjå for seg at singelen får meir enn ein kort, men glitrande karriere.»

Musikkvideo Den tilhøyrande musikkvideoen til songen, regissert av Marty Callner, inneheld den første av tre etterfølgjande opptredenar av Alicia Silverstone i videoane til bandet, dei to neste er «Amazing» (1993) og «Crazy» (1994). Silverstone var 16 år gammal då «Cryin'» vart filma. I videoen opptrer bandet i Central Congregational Church i Fall River i Massachusetts. Videoen blinkar fram og tilbake mellom bandet og Silverstone, som speler ein tenåring som kranglar med kjærasten sin (spelt av Stephen Dorff) etter å ha teke han i å vera utru. Ho simulerer eit forsøk på å kyssa han, men lener seg i staden bort og irriterer han. Ho slår han deretter og dyttar han ut av bilen og forlet han i støvet. Ho byrjar ein fase med opprør og individualitet og får ein navlepiercing, som i stor grad har vorte kreditert for å introdusera navlepiercing i mainstream-kulturen. Etter å ha vorte fråstole veska si av ein annan ung mann (spelt av den då ukjende Josh Holloway frå Lost), spring ho etter han og slår han i bakken. Videoen klipper deretter til henne som står på kanten av ein viadukt og vurderer å hoppa. Ekskjærasten hennar kjem til staden, saman med fleire politibetjentar, og oppmodar henne til å komma ned frå brua. Ho hoppar, men ein ser så ein strikk som stoppar fallet hennar og lèt henne dingla over motorvegen, og ler av karakteren til Dorff. Videoen sluttar med at den dinglande Silverstone ser opp og gir Dorff fingeren.

Videoen vart ein stor suksess på MTV, og vart den mest etterspurde videoen i 1993 og gav bandet fleire prisar ved MTV Video Music Awards.

Prisar MTV Video Music Award for årets video, 1994 MTV Video Music Award for Video of the Year, 1994 MTV Video Music Award for sjåarane sitt val, 1994 MTV Video Music Award for beste gruppevideo, 1994

Innhald

USA og kanadisk 7-tommar og kassettsingel A. «Cryin'» (LP-versjon) – 5:08 B. «Walk On Down» (LP-versjon) – 3:39

Britisk CD-singel «Cryin'» (LP-versjon) – 5:08 «Walk On Down» (LP-versjon) – 3:39 «I'm Down» (LP-versjon) – 2:20 «My Fist Your Face» (LP-versjon) – 4:21

Europeisk CD-singel «Cryin'» (LP-versjon) – 5:08 «Love in an Elevator» (LP-versjon) – 5:22 «Janie's Got a Gun» (LP-versjon) – 5:29

Tysk 7"-singel A. «Cryin'» – 5:08 B. «Love in an Elevator» – 5:22

Fransk CD- og kassettsingel «Cryin'» (LP-versjon) – 5:08 «Janie's Got a Gun» (LP-versjon) – 5:29

Australsk CD-singel «Cryin'» «Janie's Got a Gun» «Love in an Elevator»

Salslister

Vekeslister Liste (1993–1994)PlasseringAustralia (ARIA)80Danmark (IFPI)6Europe (Eurochart Hot 100)7Iceland (Íslenski Listinn Topp 40)3Portugal (AFP)3

Årslister Liste (1993)PlasseringCanada Top Singles (RPM)62Iceland (Íslenski Listinn Topp 40)65Nederland (Nederlandsk Topp 40)59Nederland (Single Top 100)93US Billboard Hot 10060 Liste (1994)PlasseringBelgia (Ultratop)92Europa (Eurochart Hot 100)42Tyskland (Official German Charts)78Sverige (Sverigetopplistan)93Sveits (Schweizer Hitparade)45

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cryin'» frå , den 15. mai 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Songar frå 1992 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Geffen Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Marty Callner Kategori:Songar produserte av Bruce Fairbairn Kategori:Songar skrivne av Joe Perry Kategori:Songar skrivne av Steven Tyler Kategori:Songar skrivne av Taylor Rhodes