«Sunshine» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith, skriven av Steven Tyler, Joe Perry og Marti Frederiksen. Han kom ut midt i 2001 som ein promosingel frå albumet deira Just Push Play.

Aerosmith måtte avlysa ein konsert i Irvine i California for å fullføra innspelinga av musikkvideoen til denne songen.

Teksten til songen har ein Alice i Eventyrland-kjensle med tekstar som «I followed Alice into wonderland», «Took to the hatter like a walk in the park», «I ate the mushroom and I dance with the queen», «I chased that rabbit up her Bodhi Tree» og «That caterpillar's tryin' to cop a plea».

Omslaget vart teikna av teiknaren Larry Welz.

«Sunshine» er òg eit gatenamn for LSD. Teksten «Sunshine, the kind that everybody knows» kan likevel tyda på at songen ikkje refererer til LSD. Det var den siste originale Aerosmith-singelen som vart gitt ut på studioalbumet til bandet før singelen «Legendary Child» frå 2012, sjølv om singlane «Girls of Summer» frå 2002 og «Devil's Got a New Disguise» frå 2006 vart gitt ut på samlealbum.

Musikkvideo Musikkvideoen, regissert av Samuel Bayer, inneheld fleire karakterar frå boka, og Tyler portretterer Mad Hatter.

Innhald Promo CD: «Sunshine (Radio Remix)» - 3:26

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sunshine (Aerosmith song)» frå , den 16. mai 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Singlar frå 2001 Kategori:Songar skrivne av Marti Frederiksen Kategori:Songar skrivne av Steven Tyler Kategori:Songar skrivne av Joe Perry Kategori:Musikk basert på Alice i Eventyrand Kategori:Musikkvideoar regisserte av Samuel Bayer Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar frå 2001