Hiroyuki Tomita () er ein japansk tidlegare turnar frå Osaka. Han vart verdsmeister 2005 i mangekamp og vann gullmedalje med Japans mannskap under dei olympiske leikane i Athen i 2004.
Karriere Tomita gjekk til topps i skranke-øvinga under asialeikane 2002. Året etter vart han tredjemann i mangekampen ved Turn-VM 2003 i Anaheim, fekk også bronse i lagtevlinga. Saman med fem lagkameratar tok han gull under Sommar-OL 2004 i Athen, individuelt vann han sølvmedaljen i skranke. Tomitas største prestasjon var sigeren i mangekampen i Turn-VM 2005 i Melbourne. Eitt år seinare, ved verdsmeisterskapen i Århus, kom han på sølvplass i mangekampen og i skranke, og fekk bronse med Japan sitt lag. På tampen av 2006 vann han bøylehest under asialeikane i Doha. Tomita og Japan sikra seg sølvmedaljar i lagtevlinga i så vel Turn-VM 2007 som Sommar-OL 2008.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hiroyuki Tomita» frå , den 18. mai 2023.
Kategori:Japanske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Olympiske meistrar for Japan Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Japan Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Japanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Japanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2008