Mark Whitmore Evans () er ein australsk musikar, noverande bassgitarist for rockebandet Rose Tattoo, og medlem av hardrockbandet AC/DC frå mars 1975 til juni 1977. Han spelte mellom anna på albuma T.N.T, High Voltage, Dirty Deeds Done Dirt Cheap, Let There Be Rock og '74 Jailbreak. Evans har spelt for ei rekkje andre grupper, nokre gonger på sologitar, mellom anna Finch (òg kjent som Contraband), Cheetah, Swanee, Heaven og The Party Boys. Sjølvbiografien til Evans, Dirty Deeds: My Life Inside/Outside of AC/DC vart gitt ut i desember 2011.

Utvald diskografi AC/DC – TNT (1975) AC/DC – High Voltage (1976) AC/DC – Dirty Deeds Done Dirt Cheap (1976) AC/DC – Let There Be Rock (1977) AC/DC – '74 Jailbreak (1984) Finch – Nothing to Hide (1978) Contraband – Contraband (1979) Dave Tice & Mark Evans – Brothers in Arms (2011) Rose Tattoo - Outlaws (2020)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mark Evans (musician)» frå , den 19. mai 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Australske gitaristar Kategori:Australske rockebassistar Kategori:Australske rockegitaristar Kategori:Australske heavy metal-bassistar Kategori:AC/DC-medlemmar Kategori:The Party Boys-medlemmar Kategori:Musikarar frå Melbourne Kategori:Rose Tattoo-medlemmar Kategori:Bluesrock-musikarar