«It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll)» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC. Det er det første sporet på andre albumet deira, T.N.T., gitt ut berre i Australia og New Zealand 8. desember 1975, og han vart skriven av Angus Young, Malcolm Young og Bon Scott. Songen kombinerer sekkepipe med vanlege hardrockinstrument; i midtpartiet av songen er det eit kall-og-svar-parti mellom sekkepipe og gitar. Originalinnspelinga er i B-dur, men på konertar vart han spelt i A-dur.Evans, Mark, Dirty Deeds: My Life Inside/Outside of AC/DC, Bazillion Points, 2011, s. 40.
Record World sa at han viser «eit fast grep om rockedynamikken til rocken» og høyrest ut «som ei kryssing mellom The Rolling Stones og The Easybeats».
Songen er òg det første sporet på den internasjonalt utgitte High Voltage (april 1976).
Den fullstendige versjonen av songen er òg på samlinga Volts i plateboksen Bonfire, gjevne ut i 1997.
Dette var ein signaturlåt for Bon Scott. Brian Johnson, som erstatta Scott som solovokalist for AC/DC etter Scott døydde i 1980, framførte han ikkje, av respekt for forgjengaren sin.«The legend lives on in a laneway to heaven», The Age, 2005. Henta 20. mai 2023.
I januar 2018. som ein del av Triple M sin «Ozzest 100», vart «It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll)» rangert på femteplassen på lista over dei «mest australske» songane gjennom tidene.
Tekst Songen fortel om motgangane eit rockeband opplever på turné, som ran, overfall, å bli steina og lurt av ein grådig agent. Bandet aksepterer likevel desse motgangane som naturlege på vegen mot stjernestatus, og seier at «It's a long way to the top / If you wanna rock 'n' roll».
Sekkpiper Medan bandet jamma på nye låtar i studio, kom medprodusenten George Young (storebroren til Angus og Malcolm) på at Bon Scott ein gong hadde vore med i eit pipeband og oppmuntra bandet til å eksperimentera med å nytte sekkepipe i songen. Scott forlét studioet den dagen og kom tilbake med eit sett sekkepiper kjøpt i ein musikkbutikk i Park Street til det som var ein ublu høg pris (479 australske dollar) på den tida. Bassisten Mark Evans sa seinare at beløpet «ville ha kjøpt to Strat-gitarar». Berre det å setja saman pipesettet viste seg å vera vanskeleg, og det viste seg at Scott aldri hadde spelt instrumentet før, han hadde faktisk vore trommeslagar i det nemnde pipe-bandet. Likevel lærte Scott seg å spela godt nok til å spela instrumentet og framføra songen (først med hjelp frå lydbandsløyfer).
Å spela songen på scena vart likevel vanskeleg sidan heile bandet måtte stemma til sekkepipa. Dermed vart songen, sjølv om han er ikonisk for det tidlege repertoaret deira, truleg ikkje spelt live meir enn 30 gonger. Det siste høvet var i 1976, etter ei hending der Scott sette ned pipesettet på hjørnet av ei scene under ein konsert på St Albans High School i St Albans i Victoria i Australia, og dei vart øydelagde av fansen. Seinare (relativt sjeldne) konsertversjonar nytta eit opptak av sekkepipe-sporet på songen eller ein utvida gitarsolo av Angus Young.
Medverkande Bon Scott – solovokal, sekkepiper Angus Young – sologitar Malcolm Young – rytmegitar, korvokal Mark Evans – bassgitar Phil Rudd – trommer Harry Vanda, George Young – produsentar
Musikkvideo Musikkvideoen til «It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll)», vart filma 23. februar 1976 for det australske musikkprogrammet Countdown. Han viste bandet og medlemmene av Rats of Tobruk Pipe Band på baksida av ein lastebil som køyrde på Swanston Street i Melbourne. Videoen vart regissert av Paul Drane.Dino Scatena, «Clip Go the Years», Sydney Morning Herald, 26. februar 2005, henta 2008 David Olney var kameramann.Johnston, Chris, «AC/DC still current 30 years on», The Age, 2006. Henta 15.02.2007. og hadde eit budsjett på 380 dollar.
Det finst tre andre videoar av songen. Ein versjon, filma same dag som lastebilversjonen, viser gruppa som mimar songen på ei scene på City Square i Melbourne framfor eit publikum. Pipespelarane opptrer òg her. Denne versjonen er tilgjengeleg i boksen Backtrack. Ein tredje versjon viser gruppa som berre mimar songen på ei lydscene, slik at det ser ut som om han vart spelt live. Ein fjerde versjon av videoen viser gruppa framføra songen på det australske programmet Bandstand på Channel 9, filma to dagar før dei to første videoane for Countdown, med Scott som syng live over studiosporet er med på DVD-en Plug Me In.
Alan Butterworth, Les Kenfield og Kevin Conlon speler sekkepipe i dei to første videoane.
Popularitet I mai 2001 feira Australasian Performing Right Association (APRA) 75-årsjubileet sitt ved å kåra dei beste australske songane gjennom tidene, bestemt av eit 100-manns bransjepanel. «It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll)» vart rangert som den niande songen på lista. I 2010 vart han rangerte på tredjeplassen på Triple M sin Ultimate 500 Rock Countdown i Melbourne. Dei fem beste var alle AC/DC-låtar. Han vart innlemma i National Film and Sound Archive i Sounds of Australia i 2012.
Songen vart brukt i komediefilmen School of Rock (2003), både i AC/DC sin versjon og i ei framføring av skodespelarane av filmen, og i filmen Only the Brave (2017).
Salslister Vekeslister Liste (1975-76)PlasseringAustralia (Kent Music Report)9
Årslister Liste (1976) Plassering Australia (Kent Music Report) 80
Salstrofé
Tilknyting til ACDC Lane Den 1. oktober 2004 vart Corporation Lane i Melbourne offisielt omdøypt til «ACDC Lane» til ære for bandet (gatenamn i byen Melbourne kan ikkje innehalda teiknet «/» eller andre skiljeteikn). Denne endringa vart delvis gjord fordi musikkvideoen til «It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll)» vart filma på Swanston Street i Melbourne, i nærleiken av ACDC Lane. Bystyret i Melbourne City Council stemde einstemmig for å døypa om gata.Boulton, Martin, «Lane way to the top for AC/DC», The Age, . 2004. Henta den 15.02.2007. Sekkepiper spelte «It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll)» under den offisielle omdøypingsseremonien.
Andre versjonar Songen er òg blitt framført av
Jack Black og besetninga av School of Rock - originalt filmmusikkalbum (2003) Pat Boone - In a Metal Mood: No More Mr. Nice Guy (1997) Dead Moon - Destination X (1999) Die Krupps - Covered in Black: An Industrial Tribute to the Kings of High Voltage (hyllestalbum) (1997) Dropkick Murphys - The Singles Collection, Vol. 2 (2005) Electric - A Tribute to AC/DC (2006) John Farnham - b-side til «Two Strong Hearts» (1988) John Farnham og Tom Jones - Together in Concert (2005) Iced Earth - Tribute to the Gods (2002) Lemmy - Cover Me in '80s Metal (Fantastic Price Records, 2006) Local H - Pack Up the Cats B-Side med Brendan O'Brien spelte sekkepipepartane på ein lirekasse. The Meanies - Fuse Box – An Alternative Tribute (1995) The Melbourne Ukulele Kollective - ABC-TV-programmet Spicks and Specks (2006) Motörhead - Thunderbolt: A Tribute to AC/DC (1998) The Nantucket - Long Way to the Top (1980) Scarlett Pomers - A Millennium Tribute to AC/DC (2010) Rawkus - AC/DC: Hometown Tribute (2002) Sandra Weckert - Bar Jazz (2003) Lucinda Williams - Little Honey (2008) Eric Fish - Gegen den Strom (2007, som «Ein langer Weg» på tysk) W.A.S.P. Billy Thorpe og besetninga av Long Way to the Top - Long Way to the Top Live in Concert (2002) Eagles of Death Metal - High Voltage/ It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll) (2019)
The Nantucket-versjonen vart promotert med ein musikkvideo med kroppsbyggar-meisteren Mike Mentzer i hovudrolla. Songen vart spelt under rulleteksten til komediefilmen School of Rock, framført av Jack Black og klassen han underviste medan han var forkledd som lærer. Barna improviserte likevel sine eigne tekstar mot slutten av songen.
Billy Corgan spelte inn songen live som ekstranummer på nesten kvart show under 2005-turneen sin som støtta solodebuten hans TheFutureEmbrace.
Ei dramatisk nytolking vart gjeven ut av den norske duoen Susanna and the Magical Orchestra (Susanna Wallumrød og Morten Qvenild) seinsommaren 2006 på deira andre album Melody Mountain, som berre består av coverversjonar. Stilen er langsam og melankolsk med berre cembaloakkompagnement til den reine vokalen til Wallumrød, og får fram det essensielle tungsinnet av songen.
Poprockbandet Hanson framførte denne songen under nokre av konsertane på «Walk around the World»-turneen, og inviterte ofte oppvarmingsbanda tilbake på scena for å syngja saman.
Melbourne Ukulele Kollective speler ofte songen live, dei mest oppsiktsvekkjande opptredenane var under ABC-TV-programmet Spicks and Specks i 2004; og under flaggheisingsseremonien og folketoget på Australia Day i 2009.
Det tyske mellomalder-metallbandet In Extremo spelte songen på sin Tranquilo-akustiske turné i 2009 på Marktsackpfeife.
På 34-årsdagen for innspelinga av musikkvideoen vart han attskapt som ein del av demonstrasjonen SLAM (Save Live Australske Music), for å protestera mot skjenkjelovgivinga som truar livemusikken. Rundt ti tusen demonstrantar marsjerte ned Swanston Street og opp Bourke Street til det viktorianske parlamentet, akkompagnert av Rockwiz-bandet på ein lastebil som spelte songen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll)» frå , den 20. mai 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar frå 1975 Kategori:AC/DC-songar Kategori:Albert Productions-singlar Kategori:APRA Award-vinnarar Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Dropkick Murphys-songar Kategori:Songar produserte av Harry Vanda Kategori:Songar produserte av George Young Kategori:Songar om rock Kategori:Songar skrivne av Bon Scott Kategori:Songar skrivne av Angus Young Kategori:Songar skrivne av Malcolm Young Kategori:John Farnham-songar Kategori:W.A.S.P.-songar Kategori:Pat Boone-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Eagles of Death Metal-songar Kategori:Lucinda Williams-songar Kategori:Olivia Newton-John-songar