Peter Fredrik Holst Hjort () var ein norsk lækjar og professor i medisin frå Oslo. «Han var en norsk og internasjonal pioner innen utforskningen av helsetjenestens mål, midler, metoder, kvalitet og dynamikk.»
Hjort vart cand.med. i 1950 og dr.med. 1957. Som spesialist i indremedisin vart han i 1959 tilsett på Ullevål sykehus i Oslo. Han var 1960-69 dosent i hematologi ved Universitetet i Oslo, frå 1969 professor.
I tida 1968-71 var Hjort med på å leggje tilrette for medisinstudia ved Universitetet i Tromsø. 1972-73 var han den fyrste rektoren for Universitetet i Tromsø. Han trekte seg frå posisjonen etter usemje med studentane. Men han heldt fram i professoratet til han pensjonerte seg.
Perioden 1976-94 var Hjort leiar av gruppa for helseteneste-forsking ved Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og for samfunnsmedisin ved Folkehelseinstituttet.<ref name=SNL> I fleire år var han formann i Nasjonalforeningen for Folkehelsen sitt eldreråd.
Kjelder
Kategori:Norske medisinprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Rektorar ved Universitetet i Tromsø Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Tromsø Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk tilknytte Oslo universitetssykehus