The New Seekers er ei britisk-basert popgruppe som blei starta av i 1969. Gruppa var arvtakaren til The Seekers, som blei løyst opp året før, og tanken var at The New Seekers skulle bli like publikumsvennleg som forgjengaren. The New Seekers laga popmusikk med element av rock og folk, og gruppa oppnådde suksess over heile verda på byrjinga av 1970-talet med singlar som «», «» og «Beg, Steal or Borrow».

Bakgrunn Etter at den populære australske popgruppa The Seekers blei løyst opp i 1968, sette ein av medlemmane i gruppa, Keith Potger, saman ei ny gruppe i 1969. Gruppa fekk namnet The New Seekers, og originalbesetninga bestod av , , , og , i tillegg til Potger sjølv.

Etter den fyrste singelutgjevinga, blei delar av besetninga bytta ut i 1970. Då bestod gruppa av: , , , og . Denne besetninga gjorde straks suksess med sin fyrste singel, ein coverversjon av sin «» (tittel i USA: «Look What They've Done to My Song, Ma»US Elektra Records-utgivelse, #45699). Songen blei ein topp 20-hit i USA og nådde ein tredjeplass i Canada. Heime i Storbritannia fekk coverversjonen derimot berre ein avgrensa suksess, med plass 44 på den britiske singellista.

Salssuksessar Utover på 1970-talet fekk The New Seekers større kommersiell suksess, og i januar 1972 fekk dei sin fyrste nummer 1-hit i Storbritannia med «». Låten tok seg også inn på norske VG-lista, der han nådde ein andreplass. Same år representerte også gruppa Storbritannia i Eurovision Song Contest og blei nummer to med bidraget «Beg, Steal or Borrow». Songen blei ein stor kommersiell suksess og toppa blant anna VG-lista i åtte strake veker. Songen nådde også ein andreplass i Storbritannia og ein tredjeplass i Irland og Nederland.

Suksessen avtek Frå 1973 byrja suksessen til The New Seekers å avta, sjølv om dei fekk ein topp 20-hit med songen «Pinball Wizard» i februar same år. The New Seekers byrja på denne tida å trekkje fram enkeltvokalistar i songane, i motsetning til den harmoniske samvokalen som hadde prega songane til gruppa til då. I desember 1973 fekk gruppa stor suksess med «». Songen blei ein stor julehit og nådde fyrsteplass på den britiske singellista i januar 1974, og han er den nest største hiten til gruppa.

Same vår fekk The New Seekers også god suksess med singelen «» som nådde ein femteplass i Storbritannia. Trass i suksessen annonserte medlemmane i gruppa at dei no ville gå kvar til sitt. The New Seekers blei offisielt løyst opp i mai 1974.

Sameining To år seinare, i 1976, gjenoppstod The New Seekers, med Kathy Ann Rae og Danny Finn som erstattarar for og . Etter sameininga oppnådde gruppa aldri same suksess som i perioden 1969–1974, men dei fekk eit par mindre suksessar med songar som «» (1976), «» (1977) og «» (1978). 

Besetninga bestod til 1978, då og forlet gruppa. I 1980 prøvde The New Seekers å representere Storbritannia på nytt i Eurovision Song Contest med songen «» men låten blei diskvalifisert før den britiske finalen, fordi han hadde blitt spelt på TV året før.

Sidan byrjinga av 1980-tallet har det vore ei rekkje utskiftingar i gruppa, blant anna , og . blei verande i bandet gjennom heile perioden.

Gruppa etter 2000 Dagens The New Seekers hadde fleire turnear frå 2006, då med følgjande besetning: Paul Layton, , , og .

The New Seekers var blant arrangørane bak ein hagefest i 2007 i Buckingham Palace. Ved 40-årsjubileet til gruppa i 2009, heldt The New Seekers ein omfattande britisk turné. Turneen bestod av 35 konsertar og starta i London 31. januar 2009. I juli same året gav gruppa ut albumet It's Been Too Long – Greatest Hits and More, beståande av dei største hitene til gruppa, i tillegg til eit par nyinnspelingar. Albumet gjorde suksess på den britiske albumlista, der det nådde nummer 17. Dette var fyrste gong på 35 år at The New Seekers nådde albumlista i Storbritannia.

Den førebelse siste turnéen til The New Seekers var i 2010.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The New Seekers» frå , den 26. mai 2023.

Bakgrunnsstoff

The New Seekers hos Internet Movie Database. The New Seekers hos Discogs. The New Seekers hos MusicBrainz. The New Seekers hos Songkick The New Seekers hos Last.fm

Kategori:Britiske musikkgrupper Kategori:Britiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 1972-deltakarar