Gerlingen er ein by og ein kommune i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland med nærare 20 000 ibuarar. Kommunen omfattar 17,0 km² og byen ligg 336 meter over havet. Frå Gerlingen er det ei 8–9 kilometer austover til storbyen Stuttgart, noko lengre er det til Ludwigsburg i nordaust. Kommunen høyrer til Landkreis Ludwigsburg.
Hovudkontoret til det verdsomspennande industriselskapet Bosch ligg i Gerlingen.
mini|venstre|Gerlingen. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gerlingen» frå , den 28. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Baden-Württemberg