Ola Persson Folkedal () var ein norsk hardingfelespelar og gardbrukar i Granvin, opphavleg frå Ullensvang.

Ola var fødd og oppvaksen på garden Sekse. I 1847 kjøpte han eit av bruka i Nedre Folkedal i Granvin og flytte dit. Som felespelar er han best kjend for springaren «Folkedalen». Han møtte Ole Bull og spela til honom.

Sist i 1870-åra selde Ola garden og budde så både i Skjold i Ryfylke og i Ulvik. I Skjold likte dei ikkje felespelinga hans, så han flytta tilbake til Hardanger. I 1896 reiste han til ein son i Førdesfjorden sokn og døydde der.

Kjelder Halldor O. Opedal: Folk or gamal tid : folkeminne ifrå Hardanger. 4 Ættarbok frå Granvin s. 151

Kategori:Norske felespelarar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Granvin Kategori:Folk frå Ullensvang