William Marshall () var ein skotsk felespelar og komponist som er rekna som ein av dei største komponistane for skotsk felemusikk.

Marshall var fødd i Fochabers nordaust i Skottland. Han gjekk i teneste for hertugen av Gordon, og fekk etterkvart stillinga som factor (agent eller forretningsmann) ved Gordon Estate. I The Fiddle Music of Scotland av James Hunter er Marshall tillagd 257 tonar. Mange av desse verka har namn som ærer gjestane til hertugen. Robert Burns kalla han «den fremste strathspey-komponisten av si tid.» Han var også ein urmakar som laga ei vassklokke og ei astronomisk klokke som framleis eksisterer. Marshall døydde i Dandaleith i 1833 og blei gravlagd i Bellie Parish kyrkjegard i nærleiken av Fochabers.

Nokre av dei best kjende verka til Marshall er strathspey-dansane The Marchioness of Huntly, The Marquis of Huntly's Farewell, Craigellachie Brig (med namn etter Craigellachie Bridge) og Lady Madelina Sinclair; airen The Nameless Lassie og reelen Easter Elchies. Marshall gav ut to samlingar av verka sine, A Collection of Strathspey Reels with a Bass for the Violoncello or Harpsichord i 1781 og Marshall's Scottish Airs, Melodies, Strathspeys, Reels, &c. for the Piano Forte, Harp, Violin & Violoncello in 1822. Ei tredje samling, Volume 2nd of a Collection of Scottish Melodies Reels Strathspeys Jigs Slow Airs &c. for the Piano Forte, Violin and Violoncello, blei gjeven ut posthumt i 1845. I nyare tid er verka hans blitt gjevne ut i William Marshall's Scottish Melodies av Fiddlecase Books.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «William Marshall (Scottish composer)» frå , den 3. juni 2023. oppgav desse kjeldene: Alburger, Mary Anne (1983), Scottish Fiddlers And Their Music, Victor Gollancz Ltd., . Emmerson, George S. (1971), Rantin' Pipe And Tremblin' String, McGill-Queen's University Press, .

Bakgrunnsstoff

University of Edinburgh William Marshall page Fiddles and Fiddlers

Kategori:Skotske komponistar Kategori:Skotske felespelarar