Sverre Øverby () var ein norsk friidrettsutøvar frå Lunner i Oppland som vart noregsmeister i kulestøyt åra 1953, 1955, 1956 og 1957. I tillegg vann han i tida 1952–59 to sølv- og to bronsemedaljar i øvinga under norske meisterskap. Han var medlem i Lunner IL til 1953, sidan representerte han Vestheim IF 1954–56 og IK Tjalve frå 1957.

Under noregsmeisterskapen i Stavanger i 1956 støytte Øverby kula 15,93 meter, ny meisterskapsrekord og einast 9 centimeter kortare enn Per Stavem sin norske rekord frå 1952. Etter meisterskapen vann Øverby seks stemne med støyt på frå 15,70 til 15,85 meter, men klarte ikkje å forbetre den personlege rekorden.

Øverby var busett i Oslo frå 1954. Han var tilsett i Forsvaret som idrettsoffiser.

Medaljar i noregsmeisterskap 1952 i Oslo: Sølvmedalje 1953 i Trondheim: Gullmedalje 1954 i Sarpsborg: Bronsemedalje 1955 i Oslo: Gullmedalje 1956 i Stavanger: Gullmedalje 1957 i Bergen: Gullmedalje 1958 i Trondheim: Sølvmedalje 1959 på Hamar: Bronsemedalje

Kjelder friidrett.no

Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Lunner Kategori:Norske kulestøytarar