Hedysarum alpinum er ein blomstrande planteart i erteblomfamilien. På engelsk er han kjend som alpine sweetvetch, på iñupiaq er han kjend som masu. Arten har sirkumpolar utbreiing, og finst på nordlege breiddegrader på heile den nordlege halvkula. I Nord-Amerika er han utbreidd i Canada og i nordlege delar av USA, medrekna Alaska.

Skildring mini|venstre|Blome av Hedysarum alpinum. Planten er ein staude som dannar fleire opprette stilkar frå rota. Han når ei høgd på . Pålerota er tjukk og vedaktig, og har jordstenglar som kan produsera nye stilkar. Blada er delte opp i fleire mindre delar som kan vera opptil lange. Blomestanden er ein tett klase av blomar. Desse er rosa eller lyselilla av farge, og opptil lange.S.G. Aiken, et al. 1999 onwards. Hedysarum alpinum var. alpinum. Flora of the Canadian Arctic Archipelago: Descriptions, Illustrations, Identification, and Information Retrieval. Version: 29 April 2003. Henta 11-22-2011. Dei blir pollinerte av insekt som humler og honningbier. Frukta er ei flat belgfrukt som smalnar mellom frøa, og kan ha opptil 9 segment.

Utbreiing og habitat Planten veks typisk i subarktisk og nordlege tempererte klima. Han finst i tundra- og taiga-habitattypar, på elvesletter, grassletter og tørre skogar. Planten er godt tilpassa jordsmonn som inneheld mykje kalsiumkarbonat. Han er vanlegvis ikkje ein dominerande art, men er reknande som dominerande i fleire elvedelta og sletter i Alaska. Han er ein pionerart på elvesletter som nyleg er blitt skylte av vatn og is. Planten veks i lag med vier og bjørk lang vassfar og i skogar dominerte av gran. Han veks på grassletter i lag med grasartar som Schizachyrium scoparium, Poa compressa og Leymus mollis.

Økologi Planten er ei viktig matkjelde for mange dyreslag, som svartbjørn, grizzlybjørn, amerikansk bison, elg, tynnhornsau og karibu (rein). Bjørnar er flinke til å grava opp dei næringsrike røtene. Desse røtene er hovudnæringskjelda til grizzlybjørnar i nokre områe, som Banff nasjonalpark. I delar av Alaska er planten hovudnæringskjelde for tynnhornsau og karibu. Mange små pattedyr som smågnagarar og røyskattar et han, og ei rekkje fuglar hekkar i alpint habitat der planten veks.

Bruk Urfolk i Alaska har brukt og bruker framleis planten til mat, særleg dei tjukke røtene. Desse skal smaka som unge gulrøter. Inupiatfolk kallar planten vill potet, og får kostfiber frå røtene. Etter villfrukt er planten den viktigaste matkjelda for dena'inafolk . Ein har også trent opp hundar til å finna rotlager som er blitt samla av myser.Hedysarum alpinum. Native American Ethnobotany Database. Retrieved 2016-12-10. Ein kan eta røtene rå eller tillaga på ulike måtar, som kokte, omnsteikte eller steikte i feitt. Ein kan lagra dei i smult eller olje og eta dei når ein går tom for annan mat. Frøa bør ikkje etast råe, eller i store mengder, sidan dei inneheld L-canavanin. Dette er lagt fram som ein mogleg årsak til dødsfallet til villmarksbuaren Christopher McCandless.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hedysarum alpinum» frå , den 13. juni 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Takson namngjevne av Carl von Linné Kategori:Erteblomfamilien Kategori:Plantar i Canada Kategori:Plantar i USA