«Highway to Hell» er ein song av det australske rockbandet AC/DC. Det er opningssporet på albumet deira Highway to Hell frå 1979. Han kom ut på singel same året.

Songen vart skriven av Angus Young, Malcolm Young og Bon Scott, og Angus Young blir kreditert for å ha skrive gitarriffet. AC/DC hadde laga fleire studioalbum tidlegare og promoterte dei konstant via ein utmattande turnéplan, omtalt av Angus Young som å vera på ein motorveg til helvete, derav namnet.

Bakgrunn Songen er i tonearten A-dur. Tittelen og teksten speglar på det slitsame ved å konstant turnera og livet på vegen. Motorvegen som inspirerte til tittelen, Canning Highway, knyter saman Perth med motorvegen Kwinana til hamna Fremantle og var heimstad for mange av favorittpubane og -hotella til Bon Scott, mellom anna Raffles Hotel.

«Det kom hundrevis av riff kvar dag», fortalte Malcolm Young. «Men dette tenkte me: 'Det er bra'. Det stakk berre ut som ballane til ein hund.»

Cashbox kalla han ei «beinknusande, tarmvridende øving i primal gitarrock» med «enkel, men effektiv riffing» og «tøff vokal.» Record World skreiv at «Knurrande vokal i lag med rå gitar for enkel, høgenergisk rock'n'roll.»

Singelen låg 45 veker på den tyske singellista og nådde 30. plassen i 19. veka som høgaste plassering på lista. Bon Scott vart funnen død i baksetet på bilen til ein ven, berre vel eit halvår etter at songen vart gitt ut.

Produksjon «Highway to Hell» vart produsert av Mutt Lange som ein del av albumet med same namn, og arbeidet hans blir rekna som ein viktig faktor i å levera eit av dei klassiske AC/DC-albuma, framveksten av den doble gitar-stilen, som seinare vart perfeksjonert på Back in Black, og forbetra korvokal med Malcolm Young, saman med Cliff Williams for første gong.

Ettermæle «Highway to Hell» vann kategorien «mest spelte australske verk oversjøs» under APRA Awards i 2009. I 2013 prøvde ein internettkampanje å få han til topps på den britiske singellista over jula det året.

I januar 2018, som ein del av Triple M sin «Ozzest 100», over dei «mest australske» låtane gjennom tidene, vart «Highway to Hell» rangert som nummer 40.

I 2020 rangerte The Guardian songen som nummer sju på lista si over dei 40 beste AC/DC-låtane, og i 2020 vart songen òg rangert som nummer tre på lista over dei 40 beste AC/DC-låtane og i 2021 rangerte Kerrang låten som nummer fem på lista si over dei 20 beste AC/DC-låtane.

Liste over utmerkingar Songen vart rangert på 258. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.500 Greatest Songs of All Time – Highway to Hell. Rolling Stone. Han vart rangert på 152. plassen på lista over dei 500 beste klassisk rock-låtane av 94.5 XKR. Han vart rangert på 23. plassen i boka The Top 500 Heavy Metal Songs of All Time, av Martin Popoff. Songen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

Medverkande Bon Scott – solovokal Angus Young – sologitar Malcolm Young – rytmegitar, korvokal Cliff Williams – bassgitar, korvokal Phil Rudd – trommer

Salslister Liste (1979/80)PlasseringAustralske (Kent Music Report)24Den austerrikske singellista52Den belgiske singellista14Den nederlandske singellista17Den franske singellista23Den tyske singellista30Den spanske singellista24Den svenske singellista36UK Singles Chart56US Billboard 10047

Liste (1992)PlasseringDen nederlandske singellista69Den sveitsiske singellista37US Billboard Mainstream Rock1Liste (2012)PlasseringScottish Singles Chart36UK Singles Chart40Billboard Hot Digital Songs1Liste (2013)PlasseringUK Singles Chart4Irish Singles Chart23Scottish Singles Chart36Liste (2021)PlasseringListe (2022)Plassering

Salstrofé

Konsertopptak

«Highway to Hell» har blitt spelt mange gonger på konsert. Inkludert:

Live: Denne kom òg ut på singel. Det vart laga ein video for singelen med bilete frå heimvideoen Live at Donington. Let There Be Rock: The Movie Live at River Plate

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Highway to Hell (song)» frå , den 16. juni 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1992 Kategori:AC/DC-songar Kategori:Albert Productions-singlar Kategori:Atco Records-singlar Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Marilyn Manson-songar Kategori:Songar produserte av Robert John «Mutt» Lange Kategori:Songar skrivne av Angus Young Kategori:Songar skrivne av Bon Scott Kategori:Songar skrivne av Malcolm Young 258