Ingvild Wetrhus Thorsvik () er ein norsk jurist og politikar frå Mandal. Ho er frå 2021 stortingsrepresentant frå Vest-Agder og partiet Venstre.

Thorsvik er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo og arbeidde som advokatfullmektig frå 2019 til 2021. Ho var medlem av Mandal kommunestyre i tida mellom 2011 og 2019, varaordførar dei siste fire åra. I 2021 var ho fyrstekandidat for Venstre i Vest-Agder og kom inn i Stortinget på eit utjamningsmandat. På Stortinget er ho medlem i Justiskomitéen.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Folk frå Mandal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre