Marita Skogum () er ein svensk tidlegare orienteringsløpar frå Berghem. Ho vart verdsmeister i 1989 og 1993, i tillegg var ho med å sikre Sverige stafett-gull i VM 1983, 1989, 1991 og 1993.

Karriere Skogum kneip sølvmedaljen individuelt ved VM 1983, før ho tok seg av den andre etappen for det svenske gull-laget i stafett. Under verdsmeisterskapen 1989 sprang ho inn til siger i både den individuelle tevlinga og i stafett. To år seinare forsvarte ho Sveriges VM-tittel i stafett. Ved den nordiske meisterskapen 1992 på Rena vann Skogum gull i alle tre tevlingane: klassisk-distanse, kort-distanse og stafett. Same sesongen vann ho verdscupen i orientering. Året etter sanka ho to nye VM-gull og eitt VM-sølv før ho la opp.

I 1989 vart ho kåra til Årets idrettskvinne i Sverige.

Skogum var landslagstrenar for det svenske kvinnelaget, perioden 2006–2010 også svensk landslagssjef.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap VM 1983: Sølv individuelt og gull i stafett VM 1987: Sølv i stafett, nr 10 individuelt VM 1989: Gull individuelt og i stafett VM 1991: Bronse i klassisk løype, gull i stafett VM 1993: Gull i klassisk løype og stafett, sølv i kort løype

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marita Skogum» frå , den 26. juni 2023.

Kategori:Svenske orienteringsløparar