Who Made Who er eit filmmusikkalbum av det australske hardrockbandet AC/DC. Det kom ut 26. mai 1986 og inneheld musikk nytta i Stephen King-filmen Maximum Overdrive. Albumet km ut på ny i 2003 som ein del av AC/DC Remasters-serien.

Bakgrunn Tre spor på albumet – «Who Made Who» og instrumentalane «D.T.» og «Chase the Ace» – vart nyskrivne og spelte inn av AC/DC til albumet. Dei resterande spora var tidlegare gjevne ut av bandet. Berre éin låt, «Ride On», inneheld den tidlegare solovokalisten Bon Scott, som døydde i 1980. Alle dei andre er med erstattaren hans, Brian Johnson.

Saman med albumet gav bandet ut ein 73 minutt lang videokassett som inneheldt musikkvideoar til låtane «Who Made Who», «You Shook Me All Night Long», «Shake Your Foundations» (remixa), «Hells Bells» og opptak frå ei konsertframføring av «For Those About to Rock (We Salute You)», som vart filma i Detroit i 1983.

Videoen til tittelsporet, regissert av David Mallet, vart spelt inn på Brixton Academy i London og har eit tema med tallause klonar av AC/DC-gitaristen Angus Young. Ifølgje boka AC/DC: Maximum Rock & Roll bestod desse klonane av hundrevis av fans som kom frå heile Storbritannia, og mange av dei sov i sprengkulda framfor Brixton Academy for å få høvet til å delta. Denne gruppa bestod av ca. 300 medlemmer av den britiske fanklubben til bandet og andre som berre hadde høyrt om arrangementet på radio.

Tekstar Songen «Who Made Who» vart skriven til Stephen King-filmen Maximum Overdrive, som dreidde seg om maskiner som vert levande og byrjar å drepa menneske. Teksten utforskar ideen om at dingsane og apparata som menneska har skapt, kjem til å herska over menneska i staden for omvendt, ironien i at menneska blir underdanige under teknologien dei har skapt.

Mottaking

Sjølv om filmen han vart laga til vart latterleggjort av kritikarane og floppa økonomisk, vart låten «Who Made Who» den mest suksessrike singelen til bandet på mange år, og nådde 16. plassen i Storbritannia og 33. plassen i USA.UK Singles chart - AC/DC{ Han vart òg kåra til nest beste låt i 1986 av lesarane av magasinet Hit Parader. I etterkant av dette vart det gitt ut ei nyutgiving av «You Shook Me All Night Long» frå albumet, som nådde 46. plassen i Storbritannia. Albumet har selt fem millionar eksemplar i USA. Stephen Thomas Erlewine i AllMusic kallar albumet «eit forrykande AC/DC-tilbakeblikk» og applauderer bandet for «reddande songar som «Sink the Pink» frå eit elles middelmåtig album.»

Innhald

Album

Video Ein VHS kalla «Who Made Who» vart òg gjeven ut for å marknadsføre albumet. «Who Made Who» «You Shook Me All Night Long» (alternativ versjon, filma i 1986 for å marknadsføre Who Made Who) «Shake Your Foundations» «Hells Bells» «For Those About to Rock (We Salute You)» [Joe Louis Arena, Detroit - November 1983]

Medverkande AC/DC Angus Young – sologitar Malcolm Young – rytmegitar, korvokal Cliff Williams – bassgitar, korvokal (spor 1–4, 6–9) Brian Johnson – solovokal (spor 1–4, 6–9) Simon Wright – trommer (spor 1, 3, 4, 7, 8)

Andre musikarar Bon Scott – solovokal (spor 5) Phil Rudd – trommer (spor 2, 5, 6, 9) Mark Evans – bassgitar (spor 5)

Salslister

Vekeslister +Vekesliste for Who Made Who Liste (1986–2008) Plassering Finnish Albums (Suomen virallinen lista) 6

Årslister +Årsliste for Who Made Who Liste (1986) Plassering US Billboard 200 100 Liste (2002)PlasseringCanadian Metal Albums (Nielsen SoundScan)53

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Who Made Who» frå , den 27. juni 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:AC/DC-album Kategori:Album produserte av George Young Kategori:Album produserte av Harry Vanda Kategori:Album produserte av Robert John «Mutt» Lange Kategori:Filmmusikkalbum frå 1986 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Albert Productions-album