Bengt Sæternes, () er ein norsk fotballspelar. Han spelar for Viking.
Sæternes starta fotballkarrieren sin i heimbyen Egersund. I 1996 gjekk han til Viking, men han blei aldri noko meir enn ein benkeslitar i klubben, og gjekk til Odd Grenland sesongen etter. Han blei seld til Bodø/Glimt i 1998, og det var her han skapte seg eit namn i norsk toppfotball. Sæternes var klubben sin toppscorar fire sesongar på rad, og fekk sin landslagsdebut i 2002 i ein privatlandskamp mot Island. Seinare same året blei han seld til den belgiske toppklubben Club Brugge.
Til tross for ein relativt god scoringsstatistikk hadde Sæternes berre moderat suksess i Belgia, og klarde aldri å etablera seg som fyrstevalg på laget. Sommaren 2004 returnerte han til norsk fotball då han blei kjøpt av Brann. Etter ein treg start, blei Sæternes etterkvart ein kjempesuksess i Brann. Han blei klubben sin toppscorar i Tippeligaen i både 2005 og 2006, med 9 seriemål i kvar sesong. Scoringane hans hjelpte klubben til ein tredjeplass i serien, og med tre scoringar i cupfinalen blei han den store helten då Brann vann cupen for fyrste gong sidan 1982. Sæternes gjekk til danske OB i 2007. Han var mykje plaga av småskadar, og i januar 2008 underteikna han kontrakt med Vålerenga. Han var Vålerenga sin toppscorar i Tippeligaen i 2009-sesongen, med 11 seriemål.
Kjelder
Nettavisens spelarstatistikk Spelarprofil hos Vålerenga
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Folk frå Eigersund Kategori:Brann-spelarar Kategori:Bodø/Glimt-spelarar Kategori:Odd Grenland-spelarar Kategori:Viking-spelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball