At Your Birthday Party er det tredje studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf. Albumet kom ut i mars 1969 på ABC Dunhill Records.

Bakgrunn Det var det første Steppenwolf-albumet med Nick St. Nicholas, og det siste albumet med gitaristen Michael Monarch, som forlét bandet i august 1969. Sjølv om det vart mindre kritikarrost enn dei to første albuma deira, Steppenwolf og The Second, inneheld det nokre velkjende hittar, som «It's Never Too Late» og «Jupiter's Child», og dessutan «Rock Me», som var med i filmen Candy frå 1968. Sjølv om bandet hadde stor suksess på byrjinga av 1970-talet, skulle At Your Birthday Party bli det siste topp ti-albumet deira og innehalda den siste topp ti-singelen deira. Albumet viser at Steppenwolf er på veg ut av, men enno ikkje heilt har forlate, psykedeliaen frå The Second og går over til den særeigne hardrocken frå dei seinare utgivingane deira.

Plateomslag Plateomslaget vart designa av Gary Burden. Den opphavlege LP-en var eit dobbeltfalsa omslag med ei utstansa framside; utstansinga avslørte eit bilete av bandet på innsida. Dette biletet av bandet vart teke av Henry Diltz, og det viser bandet sitjande i restane av forsterkarar og utstyr i eit forkola hus som hadde tilhøyrt Canned Heat (ein brann i 1969 raserte huset og øvingsstudioet til Canned Heat på Lookout Mountain Ave i Laurel Canyon i Los Angeles). Den opphavlege gitaristen Michael Monarch møtte ikkje opp til fotograferinga. Steppenwolf-produsenten Gabriel Mekler likna fysisk på Monarch, og det vart bestemt at Mekler skulle ta plassen til Monarch på biletet. Mekler klarte å skjula seg endå meir på biletet ved å bruka eit par solbriller. Til å byrja med var det ikkje så mange som la merke til det. Monarch var likevel framleis med i bandet. (Ei avliva myte er at Monarch ikkje lenger var med i bandet på fotograferingstidspunktet; han var med til slutten av 1969, og albumet kom ut tidleg i 1969). LP-en vart gjenutgitt på CD av MCA på slutten av 1980-talet. MCA bestemde seg for ikkje å bruka biletet på CD-utgivinga og valde å bruka det opphavlege, uferdige krigsmus-maleriet, som opphavleg var tiltenkt som cover til LP-en. Resultatet av dette er at CD-coveret ser nake ut. Det omkringliggjande svart-kvitt-biletet på omslaget til LP-en vart laga ved å importera bilete av teikneseriemushovud på soldatkroppar i eit bilete av ei skyttargrav frå den amerikanske borgarkrigen. Svart-kvit-delen av albumcoveret var ein kollasj laga av Gary Burden, som planla å få Rick Griffin til å måla ein endeleg versjon av albumcoveret, men Dunhill Records nekta å betala for måleriet og brukte derfor Burden sin svart-kvite prototype."Henry Diltz. Music & Musikars Magazine. web.2011.

Innhald

Medverkande

Steppenwolf John Kay – solovokal, rytmegitar, munnspel Michael Monarch – sologitar Goldy McJohn – orgel, piano Nick St. Nicholas – bass, korvokal og solovokal på «Sleeping Dreaming» Jerry Edmonton – trommer, korvokal og solovokal på «Lovely Meter» og «She'll Be Better»

Teknisk Gabriel Mekler – produsent Bill Cooper – lydteknikar Richard Podolor – lydteknikar Gary Burden – design Henry Diltz – fotografi

Salslister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1969Billboard 2007

Singlar - Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1969«Rock Me»Billboard Hot 100101969«It's Never Too Late»Billboard Hot 10051

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «At Your Birthday Party» frå , den 2. juli 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Steppenwolf-album Kategori:ABC Records-album Kategori:Album produserte av Gabriel Mekler Kategori:Dunhill Records-album